Viser innlegg med etiketten kurs 2010. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kurs 2010. Vis alle innlegg

tirsdag 16. november 2010

Idas veske, Bente Malm

Her kjem bilete frå veskekurset med Bente Malm første helga i november. Først ein titt på veret, "julegrana" i bakgrunnen, får snart lys.
Vakkert med haustfargar i snø, ikkje sant? Så kan vi mimre om juni-kurset, då vi sat ute og åt minestronesupa, det var starten på sommaren, og nydeleg ver.
Bente er ein dyktig kurshaldar.

Dette er Bente sine vesker- våre vesker må stillast ut på desembermøtet... Det heldt hardt å bli heilt ferdig, sjølv for dei superraske, og sjølv om Bente dreiv oss i godt tempo!

Svein var med på søndagsmorgonen og såg på arbeida våre. Kven blir neste mann ut?

Else
Jorunn

Kari

Annfrid
Solbjørg
Grethe
Solveig
Margrethe
Elin
Annlaug
Liv Ingunn
Ann Elisabeth

Pizza på søndagen

Dette var siste kurset i 2010. Vi har hatt kjekke og lærerike kurs, men slit litt med å fylle opp med folk. Andre klubbar har motsett "problem".

torsdag 16. september 2010

Kurs med Bente Malm og Norsk Quilteblad

På siste møtet (det første denne sesongen) fekk folket studere veskene til Bente Malm, og ut frå påmeldinga, er det klart at vi går for Idas veske.
Trur det blir eit veldig lærerikt og kjekt kurs. Eg har fått i hende materialliste, som blir delt ut på oktobermøtet. Der er framleis nokre ledige plassar, så vil du sikre deg, tek du kontakt snarast. Vi gjer det slik at kurspengane skal innbetalast på førehand, sjå kontonr. på bloggen. Vi tek som vanleg 550 + 100 til mat. Då er kurset bra sponsa, så det er flott om alle som ønskjer det, vil melde seg på.
Kurset går føre seg på ungdomsskulen, fredag til søndag, 16 timar totalt, første helga i november.
Gå gjerne inn på Bente Malm si heimeside og sjekk ut.


I dag kom Norsk Quilteblad i posten. Der var flott artikkel frå regionstreffet!
Følg med framover, her kjem snart innlegg om klubb-aktiviteten i oktober!

tirsdag 22. juni 2010

Kurs med AnnAKa!

Første helga i juni var det mykje på tapetet i Gloppen. For lappedamene som hadde meldt seg på kurs, blei det ei fantastisk helg. Ann greidde å engasjere og røre deltakarane med sitt fine og avslappa vesen og sin rikhaldige kunnskap og gode pedagogiske evner.
Først eit bilete frå lunsjen på laurdag, med ærverdige Firda Gymnas i bakgrunnen.
Det er no å håpe på fleire slike finevershelgar i sommar!

Gloppen Ungdomsskule, her er det fantastisk å arrangere kurs, i alle høve sommarstida. Berre å late opp dørene og gå rett ut på benkane når ein vil ha frisk luft.

Men eigentleg hadde vi ikkje tid til denslags anna enn når det var kaffipause...
Ann fekk ein antikk kopp frå Antikk og Rarieteter som minne frå Gloppen-kurset.

Så til sjølve kurset. Her er først nokre modellar som Ann hadde med seg, små og større ting som vi kunne lage. Tema var "gamle skattar".



Alle kursdeltakarane minus underteikna begynte på smykketeppet. Det var ganske utruleg kva enkelte hadde med seg av gamle skattar.
Nokre inntrykk av damer i konsentrasjon:



Det blei sydd smykketeppe på svart bakgrunn og på kvit/lys bakgrunn, og eit ekte retroteppe!
Korleis skal ein gripe saken an?








Her skal det lagast toalettvesker, utruleg nok...



Vi har bestilt AnnAKa for fleire kurs, men veit det kan ta si tid før ho igjen har ledig tid på blokka si.
Så blir det spanande å sjå dei ferdige produkta på klubbmøta utover hausten!
God sommar!

mandag 15. februar 2010

Kurs på tidleg sommar!

Kurs 4. - 6. juni: AnnAKa skal ha dette populære kurset på Sandane!!!
Smykketeppe i den storleik du ønskjer, eller mindre ting som sminkepung, mobilveske, lite smykketeppe, alt i same stil! Her blir det nok rift om plassane. Påmelding på klubbmøtet i mars. Har du ikkje høve å vere der, send ein mail og meld deg på straks!

AnnAKa: " Å gi nytt liv til gamle ting gir en helt spesiell glede."

søndag 17. januar 2010

Tilbod om kurs andre stader!

OBS, hastar!
Nordfjord Lappe- og Quilteklubb har ledige plassar på kurset komande helg, sjå her. Kurset med Pelse Asboe går over 3 dagar, og kostar 1000 kr for ikkje medlemmar, då er det mat inkludert kvar dag. Har du lyst på eit kurs utanom det vanlege, må dette vere greia for deg. Hiv deg rundt og meld deg på! Hugsar at dei som gjekk på dette kurset på Vestlandstreffet på Eid, var veldig fornøgde.

Så har vi fått melding om at Luster Quiltelag har kurshelg 5. - 7. mars, med kapasitetar som Grethe Gulliksen Moe og Bente Malm, 1200 kr for ikkje medlemmar.