Viser innlegg med etiketten Inspirasjon utanfrå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon utanfrå. Vis alle innlegg

torsdag 7. november 2013

Bonnie Hunter og Quiltville


  • Dette er logoen for årets Bonnie-mysterium. Ho har vore i Irland, og blitt inspirert av naturen denne gongen. Derfor foreslår ho dei irske fargane pluss gult/oransje (sol og blomar) og blått (hav og himmel).


Kvar fredag frå 29. november legg ho ut eit nytt steg i forminga av ein kvilt. Dette er ordentlege stash-bustarar, her får ein boltre seg i restekassene!

Det hadde vore moro om fleire prøvde seg på dette! Ein treng ikkje lage like store tepper som Bonnie, ein kan prøve seg fram, lage litt, men prøve å begynne på steg 2 andre veka, sjølv om ein ikkje er ferdig med steg 1.
Her er linken til årets mysterium, Celtic Solstice Mystery.

  • På bloggen sin har Bonnie utallige tips og gratismønster. Ho har gitt ut mange bøker. Alt handlar om scraps. 
  • Quiltcam er filmar ho legg ut direkte, der ho sit i sitt eige studio og syr på ei av sine utallige gamle symaskiner (er nok hekta), samtidig som ho svarer på spørsmål via sms. Alle programma ligg lagra her. Ta ein titt, det er morosamt i små dosar!
  • Ho er sjølvsagt på Pinterest, sjå her.



Pinterest

Prøver å lage ein link til Pinterst.

Prøv dokke fram på denne sida. Eg er litt usikker på om ein må ha eigen konto for å kome inn. 
"Pin it" - merke det - ein fin måte å samle mønster og idear. Faren er at ein bruker for mykje tid her inne...
Det er ikkje skummelt å lage sin eigen konto her. Spør om hjelp om nokon har lyst å prøve, men er usikre.


Her er masse fint dilldall!

søndag 27. oktober 2013

Nyhende frå Huston!

Det pågår for tida kviltemarknad i Huston, Texas, der ein kan sjå kva som kjem på marknaden neste år. Dette biletet har eg henta frå Kathrine si facebookside. Mange bestiller av henne via facebook. Det må jamen vere ei utfordring for butikkane å velge ut kva dei skal ta inn, i den digre jungelen der ute!


Om du vil ha ein liten smak av kva som går føre seg, gå inn på denne linken, der Moda viser stoff og modellar for komande sesong. Ganske så morosamt, eigentleg!

fredag 9. august 2013

Bestemorblomen, gode tips frå Jo Morton!

Jo Morton er eit kjent namn for dei som likar reproduksjonar, dvs. etterlikningar av stoff som blei brukte på 1800-talet. På nettsida si gir ho mellom anna raust ut tips og idear. Det går an å abonnere på nyhende frå henne, slik at du får det i mailboksen din. Ho er og på Facebook. Det var der eg oppdaga dette gode tipset! 
Mange har vel sydd Grandmother's Flower, og lurt på korleis sy det saman. Tipset her er å sy saman diagonalt, og feste 5 "path-blokker" (sti/veg) på etter kvart. På den måten slepp ein å sy hundrevis av desse kjedelege sekskantane på til slutt.
Vi ser her motiv-kutting, noko som slett ikkje er eit nytt fenomen, men som har fått ein oppsving no.
Gå inn på sida til Jo, og les om henne og om stoffa hennar. Det er Andover som produserer dei.
På Fat Quarter Shop sel dei desse stoffa. Eg trur at det er få butikkar i Noreg som sel dei, av ein eller annan grunn, men dette skal eg forske meir i. Det er synd at portoen på USA har gått så kraftig opp siste året.

Helsing Elin.

torsdag 8. august 2013

Motiv-kutting og handsaum

Fussy cutting - motivskjæring

sjekk her hos Red Brolly
Her bruker dei saum over papp.

Dette er i utgangspunktet ein antikk kvilt av Lucy Boston. Sjekk her på Pinterest!
No er det veldig mange som syr desse blokkene. 

er eit eige system utarbeidd av Linda Franz, der ein kopierer mønstrene rett på stoffet ved hjelp av ein vanleg printer, viss eg har forstått det rett. Då er det kanskje greiast å sy på streken.



Sue Daley har masse idear om fussy cutting på video nr. 3, ca. 3 1/2 minutt ut i videoen. Det viktigaste ho seier: "Less is more, don't overdo it!" Altså ikkje overdrive, betre med litt for lite enn litt for mykje!

Takk for alle tilbakemeldingane på forige innlegg! Elin.

lørdag 3. august 2013

Litt meir som rører seg ute i bloggverda.

Lågvolum-kviltar!

Kva har vel lyd med kvilting å gjere? Eg har ikkje noko svar. Dette er berre eit uttrykk som er omsett frå engelsk. 
Vi er veldig flinke med fargar i kviltegruppa vår. Men her er litt inspirasjon til neddempa fargar. At det er lågt volum, betyr visst at bakgrunnsfargen er lys, og at der gjerne er moderne trykk i stoffa. Amanda Jean Nyberg og Cheryl Arkison har gitt ut ei bok der dette er omtala.


Bileta her er henta frå bloggen til Amanda Jean.





Helene Juul frå Århus i Danmark har skrive ein interessant artikkel om dette temaet her.
Eg tykkjer det er interessant at Helene, som er veldig historisk interessert og ekspert på reproduksjonsstoff, også går for det meir moderne. Sjekk den lekre puta ho har laga!

Blei du litt inspirert no?

Ha ei fin helg! Helsing Elin.

lørdag 27. juli 2013

Litt inspirasjon på tampen av juli....



Handsaum har vore ein stor hit denne sommaren, på bloggar og facebookgrupper. Kanskje har også du vore ute i sola og sydd?

Mange har vel fått med seg at Kari har vore på segltur i Hellas i 3 veker! På båten sydde ho Nearly Insane-blokker. Fargevalet måtte vere midt i blinken på det blå havet....


Inger og Elin har sydd over papp, med stoff frå Lappemakeriet og eige lager. Etter at ein fekk tilgong på limpennen, er pappsaum blitt ein leik! Tenk at hos Ronny Rør på Sandane kan du få kjøpe denne limen. Dei har forøvrig fått inn mykje fint og kjekt for oss kviltarar, og eg har tru på at der kjem meir!



Wenche, som vi hadde til føredragshaldar, er ei utruleg driftig dame med teft for både det kreative og å vise seg fram i utlandet. Her har ho fått mange sider i det amerikanske bladet! 
Fussy cut, eller motivkutting, er ein populær trend no, og her har ho nytta seg av den teknikken. Dette teppet er sydd på strek, altså "på amerikansk", men formene får ein kjøpt i papp om ein vil. Sjølv har eg investert i  plastmalane ho bruker, veldig praktisk for å kutte med skjærekniven!



Vel, dette er kanskje ikkje noko for mannfolka, eller? 


har hatt kurs i Noreg fleire gonger, og mange av dei mest aktive bloggarane har delteke der, både i Oslo, Tønsberg og Trondheim. Her er eit teppe eg har henta frå nettet. Eg vil anbefale å gå inn på sida hennar!
Her er det handsaum og applikasjon i skjønn foreining.



Eg er venn med Sue på Facebook, og kvar veke legg ho ut ein film på Youtube, der ho forklarer ting som har med engelsk papirsaum å gjere. Her er lenkja til del 1. Eg trur at når du er inne der, vil du få opp dei påfølgande filmane og. På film 3 er der nøye beskrivelse av Fussy Cut.


Om du tykkjer det er stille på bloggen, send bilete av sommarsysakene dine, og eg lagar innlegg!

Sommarhelsing frå Elin.