Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2009. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2009. Vis alle innlegg

søndag 13. desember 2009

Julemøtet!

Då er vi ferdige med 09-møta. Desembermøtet blei markert med graut og litt ekstra kos, song, lotteri, "berre forsyn deg med gamle quilteblad m.m.". Sjølv om vi ikkje hadde nisse, hadde alle med seg ein pakke, og så gjekk to frå styret rundt og delte ut ein pakke til kvar. Ja, så hadde vi vis og fortel som vanleg. Skikkeleg triveleg kveld med ca. 35 frammøtte!


Liv Ingunn sin kaleidoskop-løpar.

Her har ho laga ein ekstra lekker adventsløpar (eller er det all round?) med omvendt applikasjon.

Dei som har prøvd å få tak i kroklisser siste månaden, har måtta slite. Grunn: antakeleg AnnaKa sin løpar frå Quiltemagasinet.
Her har vi ei Gingham-jente som kosar med katte sin. Artig veske i møbelstoff bl.a.

Nyfrid med adventsduken sin. Andre som har hatt trøbbel med måla på denne duken, lurte ho på.
Reidun med lang, lekker kjøkkengardin.

Edny med adventsløparen sin.
Marie hadde med mykje flott denne kvelden. Her er bargello-løparen, som ho held kurs i.
Adventskalendar?
Marie syr roseteppet til Ann, det blir alldeles nydeleg!


Detaljar frå teppet.
Studie...
Kari med kaleidoen sin.

Ny vri på Lone Star!
Svanhild sin blå bargello.
Det enkle er ofte det beste, sjå kor lekkert!
Janne held seg framleis i den lyse delen av fargeskalaen.
Ny vri på Ann si veske, her med strykemotiv.
Margrethe si nydelege brikke, her med omvendt bretteteknikk.
Annlaug si kaleido-pute.
Sonja har boltra seg med motivstoff og omvendt applikasjon!

Fleire dekkebrikker med utklipt motivstoff.
Lurer på om det er Else P. som lurer bak denne løparen?
Desse brikkene hadde vi "kurs" på tidlegare i år, her har Laila sydd grøn variant.
Framleis Laila, er det frå Quiltemagasinet?
Og her er ho ferdig med ein tredjedel av sin Butterfly Garden. Utruleg flott!
Trur dette er Kari S. sin løpar.
Reidun med adventskalendaren sin.
Anna har laga mange slike brikker og gitt til julemesse.

tirsdag 17. november 2009

Desember-møtet!

Enten ein vil det eller ei, så går tida no snøggfort mot desember og jul! Vi i styret har gleda av å invitere til eit litt annleis, men veldig avslappa medlemsmøte på ungdomsskulen
første onsdagen i desember, dvs. allereie den 2.

Du må gjerne ha med deg eit handarbeid! Og har du ikkje lyst å halde fingrane i aktivitet ein kveld, så er det lov og, berre kom og ver sosial! Vis og fortel må vi ha med oss, kanskje det blir ekstra mykje kaleidoskop i julestoff denne gongen?

Men prøv å hugse å ta med deg ei innpakka julegåve til verdi maks 50 kr. Det kan vere kva som helst, noko du sjølv kunne tenkje deg å få, gjerne heimelaga for den del.

Eit slikt mønster kan du vinne!

Primula har fleire...

Vi har kjøpt inn nokre ekstra fine gevinstar til denne kvelden, 3 flotte stitchery av Bronwyn Hayes, dei er ein del av månadsteppet Gingham Girls frå Red Brolly (raude paraply). Blokkene er kjempefine ei og ei også. Bronwyn fortel i ein mail at ho bruker desse damene i forskjellige samanhengar, og at ho studerer bilete og bloggar for å få fram ansiktsuttrykk og handlag til quiltedamer, skikkeleg fornøyelege er dei!
Les gjerne meir om Bronwyn her. Visste du forresten at Gingham er namnet på eit veve bomullsstoff, gjerne rutete?

Gingham Girls eller Gloppetausene - det går vel ut på eitt?

mandag 9. november 2009

November-møtet!

Kari S. har vore på Janome-kurs med Patricia Iden, her er resultatet. Noko slikt er det mange av oss som både har lyst til å sy og har brukt for, ikkje minst!

Det har vore hektisk aktivitet i GLQ siste veka! Onsdag var det klubbmøte, og her er bilete frå denne kvelden. Klubb-aktiviteten og kaffimaten finn de litt om i det forige innlegget!
Først ut er "sy-boka" til Anna. Ho har vore på kurs med Patricia Iden, og her er litt av innhaldet, litt av eit arbeid, men sikkert veldig praktisk, og arbeidet er jo utsøkt!







Hugsar slett ikkje kven som stod bak denne, var det Solbjørg? Nei, det var Anne...

Inger har prøvd seg fram med lommeveske, eller var det rumpetaske? Ho får til det meste ho prøver seg på!


Reidun (nr. 1) har hatt dilla alldeles siste vekene, her er løparar i søkk og kav, nokre for jul og nokre for advent, skikkeleg lekre! Quiltemagasinet har vel hatt mønster på desse, og så har ho tilpassa dei slik ho likar dei. Godt jobba!

Dette er vel hurtighjørneteknikk, eller?


Ann-Elisabet har hatt stor produksjon, først vesker... ...så slumreteppe...


... og endå eit teppe!

Og her er sanneleg fleire vesker!

Er det Annfrid som skjuler seg bak AnnAKa sin kalender?

Denne løparen er berre så knas! Motivstoff i midten, som er kvilta rundt, Annfrid er meistaren bak dette.

Ein liten Eskil får dette krabbeteppet, laga av mormor Janne.


Svanhild har laga dei nydelegaste kuvertbrikker, som kan brukast både på
framsida og baksida.


Solveig har laga lekker og praktisk veske.

Reidun (nr. 2) har pynta på ein "kjedeleg" løpar, resultatet blei berre så flott!



Reidun (nr. 3) har laga nydeleg veske! (Bruker alle tre Reidunane å vere på møte samtidig, eller var dette eit særtilfelle?)


Hagearbeidarane blei så fine! Kven kunne ikkje ha lyst å lage desse?

Synd at dette biletet blei så utydeleg. Kari S. har sydd denne fine veska etter eit mønster ho kjøpte på Nordisk-treffet i Gøteborg. Her er lenkja til den danske butikken som har mønsteret.


Så kjem vi til avdeling Anna + store teppe! Ho syner fram dei nydelege sengeteppa ho har sydd, og er kjempefornøgd med den profesjonelle kviltinga frå Gla'lappen.







Vi beundra baksidene også. Herlege arbeid. Kor mange sengeteppe har denne dama sydd?

Annlaug er ferdig med kattekorga si, lurer på om dette er eit broderusk frå Northern Quilts? Stor og romsleg korg, med plass til masse stoff eller garn eller kva det måtte vere.

Sonja fyrer laus med rødt og kvitt og blondar, flott!


Og sjå her, dekkebrikker med utklipte julestjerner frå motivstoff, nydeleg applikert på. Eit skikkeleg godt tips!

Her er det berre å ta ein råtjangs, er det Liv Ingunn, eller? Etter nesten ei veke er det ikkje så godt å hugse. Men duken er fin, særleg no til advent.