Viser innlegg med etiketten Born og unge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Born og unge. Vis alle innlegg

lørdag 28. april 2012

4H-gruppa Zting

Sist helg hadde 4H-gruppa Zting samling på ungdomsskulen. Kjekke og flinke jenter frå fleire bygder i kommunen er med i denne gruppa, nokre av dei er med på andre året, medan nokre er nye dette året. 

Det er Liv, Margrethe og Janne som er leiarar i denne gruppa, og dei legg ned stort engasjement og mykje tid i dette friviljuge arbeidet. Det er verd å merke seg at det kjem eit eige 4H-hefte som desse damene har laga! 
Jentene lærer grunnleggande symaskindugleik, skjæring, lappeteknikk, angelina, paintstick og å sy enkle klede m.m.
Materialet kjem frå Primula/F.R. Jørgensen, og Gloppen Lappe- og Quilteklubb har sponsa ein del utstyr. Symaskiner har jentene med sjølve.

Her kjem biletglimt frå sist laurdag!
































fredag 23. mars 2012

Fredagsaktivitet i klubben!

Gloppen Lappe- og Quilteklubb har for tida 2 grupper som arbeider med born og unge. Dette er dugnadsarbeid av medlemmar i klubben. Målet er at borna skal bli fortulege med symaskina, og få oppleve kor morosamt det er å sy, og kor mykje fint ein kan lage. Det er ikkje noko stor løyndom at skuleklassane er altfor store i forming, ein rekk ikkje å hjelpe alle så mykje som ein burde. Å ha ei gruppe på 16 elevar, åleine lærar, ja då begrensar det seg. 
Gruppa her er samansett av 11 jenter i ulik alder og frå fleire grender i kommunen. Dei får god hjelp av dei friviljuge, med Kari Rindal Eide i spissen. Det er umogeleg å finne ledige ettermiddagar/kveldar midt i veka, difor er det fredagar som er samlingsdagen. Stoff og anna utstyr er samla inn av klubben sine medlemmar. Her kjem bildeglimt frå denne fredagssamlinga.