Viser innlegg med etiketten Besøk til Førde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Besøk til Førde. Vis alle innlegg

onsdag 31. oktober 2012

Førdeturen, del 2, vis og fortel

Førde-klubben hadde kurs med Hanne Schneider hausten for 3 år sidan, og då fekk dei lære blokksying, både Nearly Insane og Dear Jane. Kjærlaug har sydd begge teppa! 
Dette var verkeleg imponerande handverk. Som ein ser, så handkviltar ho 16 blokker om gongen på DJ, ganske smart!!


  Alle blokkene er ferdige, til og med triangla...

Gunvor viste fram mykje imponerande også! Dette er handsaum over papp, er det Sue Daily design og teknikk?

Eitt av Lynette Anderson sine juletepper.

Dette er vel Gail Pan sitt mønster? Nydeleg!

Løpar frå Annie Downs  si bok Some Kind of Wonderful.

Åse sitt juleteppe.
  Åse sin juleduk.
  Desse bokbinda var det mange som fall for!


Marie sitt Buggy Barn-teppe frå kurset i Førde.

Marie sin juleduk frå Northern Quilt.

Det blei vist fram veldig mykje fint, og det blei ikkje teke bilete av alt. Kanskje Åse legg ut fleire bilete på deira blogg?
Traktementet var førsteklasses!
Tusen takk til førdianarane for denne inspirerande kvelden!

På besøk med Førde Quiltelag, del 1

Tysdag 30. oktober var vi inviterte til Førde Quiltelag sitt medlemsmøte. Vi var ein gjeng på ca. 15 damer som reiste nedover. Trapp Ned hadde open butikk for oss før vi skulle på møte, og på kyrkjetunet der vi var samla, var det og gode sjansar for å bruke pengar! Gloppetausene gjorde nesten reint bord på lotteriet også! 
Tema for møtet var Accuquilt GO, stoffkutttemaskina, som Solfrid frå Solfrids Quiltestove på Sotra demonstrerte for oss.

 Her kjem ein biletkavalkade frå det Solfrid viste oss, som ho har laga ved hjelp av denne kuttaren. 


















Fleire innlegg følgjer....