Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klubbmøter 2011. Vis alle innlegg

torsdag 25. april 2013

Våravslutning, medlemspengar og Go-kuttar.


8. mai vert det avslutting av vårsesongen hjå Åse Moen på Antikk og Rarieteter.
Tidspunkt: kl 18 til kl. 22.
Pris for bevertning: kr. 80 (hugs kontantar).
Ta med vis og fortel!
Biletet er lånt frå heimesida, sjå lenkje over.


Medlemspengar!
Ein minner om medlemspengane. Det er viktig å få dei inn no før sommaren, slik at ein kan få oppdatert medlemslista. Kontingenten er som før kr. 150. Kontonr. står i venstre marg.

Det nye styret er konstituert, og ei førebels liste over haustaktivitetar er også på plass.


Eg har eksperimentert litt med Go-kuttaren, og her er eitt av resultata. Blokka heiter Winding Roads, eller vinglete vegar. Ho er litt vinglete å sy og..., men kuttinga gjekk som smurt. 
Meir om forsøka på Lappetausa.
Eg vil absolutt anbefale å prøve denne hendige maskina.

Tur til Bergen
Ein planlegg ein Bergenstur 19. - 20. oktober, med besøk på Quiltekroken og gjerne teater/revy el. liknande.

Dear Jane
Ein planlegg også ein Dear Jane-klubb til hausten.

Då vil eg ønskje alle medlemmane ein riktig fin vår!
Helsing Elin.

lørdag 22. oktober 2011

Klubbaktivitet 2.november

Hei damer!
Det er tid for å tenkje på klubbaktivitet neste møte. Liv Ingunn vil vise oss klemmepung. Mange har laga slike, men kanskje ikkje alle, eller kanskje er det lenge sidan så kan vere kjekt å repetere? Iallefall er dei glimrande til små oppmerksomheter, eller til attåtjulegåver.
På denne pungen er det nytta eit gamalt blusestoff.

Det svarte stoffet er også frå ein bluse, synest pungen ser skikkeleg antikk ut !

Og her er litt frå ei gamal pute. Fint å ta vare på gamle minner på denne måten!
Her nokre spreke variantar,- noko for einkvar smak!

Vidare vil Torill vise oss "boksane" sine, som kan brukast til det meste, og også er fine gåver. Materialliste kjem etterkvart, så føl med på bloggen!

onsdag 5. oktober 2011

Klubbkveld i oktober

Oktobermøtet hadde besøk av Bygdekvinnelaget. Tema for kvelden var gjenbruk. Medlemmane hadde med seg utruleg mykje fint til vis og fortel, noko nytt og noko gammalt.
Tema for møtet: Gjenbruk eller attvinning...
 Gamle gardiner, dukar, sengkle er brukte i desse "string-kviltane"


Dongeri i mange variantar...

 Kaffiposar....







Frå Marie sitt kurs i haust:









Vesker, jul og diverse:











søndag 6. mars 2011

Klubbkveld mars 2011

Styret vil minne om kurset siste helga i mars med Bettina Andersen frå Danmark. Vi er 11 påmelde, men har plass til fleire. Annlaug er ny kursansvarleg og tek i mot påmeldingar.
Så minner vi om regionstreffet i Florø 10.april. Viss Elin kan legge ut ein link til treffet hadde det vore kjempefint! Kvar medlem melder seg på sjølv. Det var berre 8 stk som skreiv seg på at dei ville reise, det vert to bilar. Påmeldingsfristen er 15 mars.
Vi gjer ei endring når det gjeld mai-møtet. Vi utset dette til siste onsdagen i månaden, og får då besøk av Doroty Schultz (usikker på skrivemåten!) frå Bayern i Tyskland. Ho budde i Noreg i fleire år, snakkar godt norsk, og er ei ivrig lappedame. Ho vil ha med seg arbeid og vise fram, og håpar å få sjå mykje som vi har laga. Det gledar vi oss til!
Så minner vi om konkurransen på neste klubbkveld! Kven lagar den finaste vårløparen? Alle medlemar kan lage inntil 3 løparar og levere inn tildekka "på kjøkenet" når dei kjem på klubbkvelden i april. Så lagar Else og Inger til ei utstilling i foajeen, der vi nummererer løparane og så kan alle kome og sjå og stemme på den de synest er finast. Premiar er stoff frå Primula.

Heile 28 damer møtte opp på klubbkvelden i mars. Her ser vi Marie, Svanhild og Henny som har handsaum med seg.
Margrethe gjer ferdig ei Bente Malm veske
Her er Kari i gang med kveldens klubbaktivitet: Liv Ingunn viser oss korleis vi kan sy ei "Birmingham veske", som ho lærte seg på Vestlandstreffet i fjor haust.
Grete viser oss eit nydeleg veggteppe med "barnslege" stitchery på. Teppet er endå finare på nært hald. Trur vi har sett teppet før i ein rosa variant.

Trur det er Kari S som skal lage seg lilla veske. Det blir kjekt å sjå ferdige produkt!
Marie nyttar seg av høvet til å bruke lyskassa til å teikne av mønster.
Fungerer veldig bra, seier ho!

Anna er ferdig med si Bente Malm veske. Dei er berre kjempefine!
Trur det var Marie som har laga AnnaKa løpar i antikke stoff.

Det er iallefall Marie som har laga denne!
Den fine fargesamansetjinga kjem ikkje heilt fram på biletet.




Så har Svanhild laga rosa bilete til barnebarnet sitt! Lekkert!

Denne gongen diska Sonja og Torill opp med grove rundstykker og godt pålegg. Fleire etterlyste oppskrifter. Dersom de vil sende dei på epost så legg vi dei ut på bloggen!

Margrethe er så inspirert og gira av 4H prosjektet at ho lagar stadig nye modellar som ho kan vise dei unge damene. 9 jenter frå 12 til 16 år har dette prosjektet og er svært ivrige.


Produktive Liv har
laga ei veske som ho synest var mykje dill med å få til. Men ho vart jo veldig fin då!

Så har Annlaug laga ei AnnaKa veske. Aldeles lekker og med 8 strikklommar inni. Det var ein del arbeid med veska. Legg merke til linsene som er trekte med stoff og sydd på.

Så er Henny ferdig med "Oldemors fotoalbum". Ho har ikkje laga alle blokkene, det passa ikkje heilt til plassen det skulle henge. Oversiktsbildet av teppet kjem lenger nede. Dette vart utruleg fint!

Annlaug reklamerer for ein god lim som ein kan kjøpe på Modehjørnet. Den var til god hjelp når ho skulle feste banda på denne veska.

Grete viser fram endå eit nydeleg teppe.
Kari S får til og med humor med i teppa sine.

Her er endå eit bilete av Henny sitt "redwork"

Her har Marie sydd ein løpar som ho kan ha kurs på i haust viss vi ønskjer det. Det kan passe til eit sekstimars kurs. Gje oss gjerne tilbakemelding på om det er noko du har lyst til!

Her er Anna si toalettveske

Og ei veske til!. Anna har nytta tida til å lage mange presangar.

Her er endå fleire av Margrethe sine produkt.

Her er Marie sitt bilete. Nokon som kjenner seg igjen?


Solveig i djup konsentrasjon med si veske. Ho skal lage den i dongeri som ho har skvetta klorin på og fått ei fin effekt.