Viser innlegg med etiketten Klubbinformasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klubbinformasjon. Vis alle innlegg

lørdag 11. januar 2014

Godt nytt år!

Onsdag førstkomande er det tid for nytt medlemsmøte. 

Tema denne gongen er toalettveske/glidelås. Marie viser saum av Pattydoo-veska. 

Du tek med symaskin og stoff:

4 forskjellige stoff (framstykke/topp, framstykke, foldane og for.
1 glidelås, 8", eller ein lang som ein kuttar til 8 3/4"
Ein kan også bruke noko lett vatt eller vliselin, men det er ikkje nødvendig for resultatet.

Her er lenkja til mønsteret: http://www.pattydoo.de/2013/06/sewing-tutorial-pouch-susie/


Her er mange utgåver av toalettveska:
http://www.pinterest.com/pattydoo/susie-taschlein/


Loppe-hjørne!

På siste møtet før jul drøfta vi om vi skulle ha loppemarknad på møta. Underteikna tek denne gongen  med bøker, mønster, blad som eg sel til ein billeg penge. Om du ikkje har kontantar, får du kontonr. og kan betale på nett. Kanskje kan dette bli eit fast innslag på møta? Om det er fleire som vil ta med på januarmøtet, er det berre fint! Ein tenkjer vel at det er betre med mange "små" enn ein stor loppemarknad i året. 

På siste medlemsmøte i NLQ hadde Ingunn stoffauksjon, og det hadde vore ein suksess. Kanskje kan ho kome til oss også?

Så gledar vi oss til regionstreffet på Eid i april!


Helsing Elin.

onsdag 28. august 2013

Velkomne til ny sesong!


Velkomne til sesongens første møte 4. september!
Marie freistar med ei overrasking til alle, det blir kveldens tema.
Ta med ting å vise fram!


Slik var det ein klarte seg før (og det er faktisk ikkje så mange år sidan!)
Mange greier seg faktisk veldig godt med dei gamle metodane...


Tur til Bergen!
Det er planlagt tur til Bergen 19. - 20. oktober, med innlagt besøk hjå Quiltekroken.
Meir info om dette på første møtet.

Rød med små blomster, 30 cmLys rosa med blomster i rutemotiv, 30 cm/Rød og hvit stripete med blomster, 30 cm

Desse bileta er lånte frå Quiltekroken si side. Her er mykje fint å hente! 



DRIVHUS-MESSE

Nordfjord Lappe- og Quilteklubb skal ha "drivhusmesse" i samband med Eidadagane 14. - 15. september. Stad: Hildenes Gartneri.
Sjå bloggen deira:    http://nlq2007.blogspot.no/.


Likar du filmane frå Jane Austen sine bøker, kjenner du nok denne karen...

torsdag 25. april 2013

Våravslutning, medlemspengar og Go-kuttar.


8. mai vert det avslutting av vårsesongen hjå Åse Moen på Antikk og Rarieteter.
Tidspunkt: kl 18 til kl. 22.
Pris for bevertning: kr. 80 (hugs kontantar).
Ta med vis og fortel!
Biletet er lånt frå heimesida, sjå lenkje over.


Medlemspengar!
Ein minner om medlemspengane. Det er viktig å få dei inn no før sommaren, slik at ein kan få oppdatert medlemslista. Kontingenten er som før kr. 150. Kontonr. står i venstre marg.

Det nye styret er konstituert, og ei førebels liste over haustaktivitetar er også på plass.


Eg har eksperimentert litt med Go-kuttaren, og her er eitt av resultata. Blokka heiter Winding Roads, eller vinglete vegar. Ho er litt vinglete å sy og..., men kuttinga gjekk som smurt. 
Meir om forsøka på Lappetausa.
Eg vil absolutt anbefale å prøve denne hendige maskina.

Tur til Bergen
Ein planlegg ein Bergenstur 19. - 20. oktober, med besøk på Quiltekroken og gjerne teater/revy el. liknande.

Dear Jane
Ein planlegg også ein Dear Jane-klubb til hausten.

Då vil eg ønskje alle medlemmane ein riktig fin vår!
Helsing Elin.

tirsdag 15. januar 2013

Klubbmøte januar 2013

Velkomen til andre halvdel av quilteåret 12/13!

Aktivitetsplan og kaffivertinner er oppdatert i venstre marg.
Onsdag førstkomande vil Marie demonstrere den nye maskina som er innkjøpt av klubben, kuttemaskina GO!  Det er ønskjeleg at folk tek med seg prøvestoff for å teste ut sjølve.


Kursplanen ligg øverst i høgre marg. Dersom du kjenner nokon som vil/kan gå på nybyrjarkurset til Marie, så tips!

onsdag 7. november 2012

Julemøtet!


JULEMØTE 5. DESEMBER 2012 
KL.18.00

Stad: Heimekontoret/ Ann Elisabeth og Svein Sandvold

Pris pr. person: kr. 100,-

Påmelding innan 28. november 

Ta med ei lita julegåve, verdi ca. 50 kr.


Litt forskjellig...


Er du klar for årets MYSTERIUM? Bonnie Hunter og i alle fall ei dame i vår klubb er klar! 23. november går startskotet for prosjektet Easy Street, men allereie no kan du sjå kva slags stoff du kan samle ihop. Du kan sjølvsagt velje andre fargekombinasjonar enn Bonnie.
Kan du forstå kvifor ho startar denne leiken ein månad før jul kvart einaste år? Men morosamt er det. Mønsteret vil ligge på bloggen hennar fram til sommaren.

Blir nokon med??


Underteikna hadde gleda av å vere på kviltekafe på Kathrines Quiltestue sist torsdag, heilt tilfeldig! Eg var så heldig å finne dette heftet, som eg har leita etter mange stader utan hell. Inne i heftet er mange kjekke juleprosjekt basert på stitchery. Om nokon er interessert, så kan ein ringe eller skrive til Kathrine, tlf.nr. står på bloggen hennar.


På klubbmøtet fortale Kari E. om Dear Jane- programvara som klubben har kjøpt inn. Ho har laga ei enkel forklaring til korleis installere og kome igong. Her kan ein verkeleg leike seg med blokker på skjermen, stoff, fargar, storleikar, og så kan ein printe ut mønster i den storleiken ein ønskjer. Mange av blokkene er tenkt sydde på papir, og då er dette ganske genialt.
CD-en og instruksjonsboka vil bli lånt ut til dei som ønskjer å prøve dette. Spør nokon i styret kven som til einkvar tid har utstyret. Det går kjapt å installere!

Helga rundt 1. mars 2013 kjem Hanne Schneider tilbake til oss, og då får vi lære meir om blokker! Set av helga allereie no.

Helsing Elin.

onsdag 31. oktober 2012

Klubb-info!


På novembermøtet får vi høve til å lage slike fine brikker!
Marie viser oss teknikken, ho har laga materialpakkar i blått, raudt og lilla, som ho sel for 50 kr.
Ta med symaskina, og vel møtt!

søndag 6. mars 2011

Klubbkveld mars 2011

Styret vil minne om kurset siste helga i mars med Bettina Andersen frå Danmark. Vi er 11 påmelde, men har plass til fleire. Annlaug er ny kursansvarleg og tek i mot påmeldingar.
Så minner vi om regionstreffet i Florø 10.april. Viss Elin kan legge ut ein link til treffet hadde det vore kjempefint! Kvar medlem melder seg på sjølv. Det var berre 8 stk som skreiv seg på at dei ville reise, det vert to bilar. Påmeldingsfristen er 15 mars.
Vi gjer ei endring når det gjeld mai-møtet. Vi utset dette til siste onsdagen i månaden, og får då besøk av Doroty Schultz (usikker på skrivemåten!) frå Bayern i Tyskland. Ho budde i Noreg i fleire år, snakkar godt norsk, og er ei ivrig lappedame. Ho vil ha med seg arbeid og vise fram, og håpar å få sjå mykje som vi har laga. Det gledar vi oss til!
Så minner vi om konkurransen på neste klubbkveld! Kven lagar den finaste vårløparen? Alle medlemar kan lage inntil 3 løparar og levere inn tildekka "på kjøkenet" når dei kjem på klubbkvelden i april. Så lagar Else og Inger til ei utstilling i foajeen, der vi nummererer løparane og så kan alle kome og sjå og stemme på den de synest er finast. Premiar er stoff frå Primula.

Heile 28 damer møtte opp på klubbkvelden i mars. Her ser vi Marie, Svanhild og Henny som har handsaum med seg.
Margrethe gjer ferdig ei Bente Malm veske
Her er Kari i gang med kveldens klubbaktivitet: Liv Ingunn viser oss korleis vi kan sy ei "Birmingham veske", som ho lærte seg på Vestlandstreffet i fjor haust.
Grete viser oss eit nydeleg veggteppe med "barnslege" stitchery på. Teppet er endå finare på nært hald. Trur vi har sett teppet før i ein rosa variant.

Trur det er Kari S som skal lage seg lilla veske. Det blir kjekt å sjå ferdige produkt!
Marie nyttar seg av høvet til å bruke lyskassa til å teikne av mønster.
Fungerer veldig bra, seier ho!

Anna er ferdig med si Bente Malm veske. Dei er berre kjempefine!
Trur det var Marie som har laga AnnaKa løpar i antikke stoff.

Det er iallefall Marie som har laga denne!
Den fine fargesamansetjinga kjem ikkje heilt fram på biletet.




Så har Svanhild laga rosa bilete til barnebarnet sitt! Lekkert!

Denne gongen diska Sonja og Torill opp med grove rundstykker og godt pålegg. Fleire etterlyste oppskrifter. Dersom de vil sende dei på epost så legg vi dei ut på bloggen!

Margrethe er så inspirert og gira av 4H prosjektet at ho lagar stadig nye modellar som ho kan vise dei unge damene. 9 jenter frå 12 til 16 år har dette prosjektet og er svært ivrige.


Produktive Liv har
laga ei veske som ho synest var mykje dill med å få til. Men ho vart jo veldig fin då!

Så har Annlaug laga ei AnnaKa veske. Aldeles lekker og med 8 strikklommar inni. Det var ein del arbeid med veska. Legg merke til linsene som er trekte med stoff og sydd på.

Så er Henny ferdig med "Oldemors fotoalbum". Ho har ikkje laga alle blokkene, det passa ikkje heilt til plassen det skulle henge. Oversiktsbildet av teppet kjem lenger nede. Dette vart utruleg fint!

Annlaug reklamerer for ein god lim som ein kan kjøpe på Modehjørnet. Den var til god hjelp når ho skulle feste banda på denne veska.

Grete viser fram endå eit nydeleg teppe.
Kari S får til og med humor med i teppa sine.

Her er endå eit bilete av Henny sitt "redwork"

Her har Marie sydd ein løpar som ho kan ha kurs på i haust viss vi ønskjer det. Det kan passe til eit sekstimars kurs. Gje oss gjerne tilbakemelding på om det er noko du har lyst til!

Her er Anna si toalettveske

Og ei veske til!. Anna har nytta tida til å lage mange presangar.

Her er endå fleire av Margrethe sine produkt.

Her er Marie sitt bilete. Nokon som kjenner seg igjen?


Solveig i djup konsentrasjon med si veske. Ho skal lage den i dongeri som ho har skvetta klorin på og fått ei fin effekt.




fredag 31. desember 2010

Klubbkveld 5.januar !

Hei , og godt nyttår til alle!

På klubbkveld den 5.januar, tenkte vi at vi skulle utveksle erfaringar med handsaum på papir. Kjekt viss flest mogeleg kan ha med seg ferdige og uferdige arbeid! Vi veit blant anna at Janne held på med eit fint blått eit som ho syr med frysepapir. Elin syr tråsneller med ein eigen teknikk, det blir spennande å lære seg.
Vi deler ut ark med malar på klubbkvelden, og håpar vi kan inspirere kvarandre!


Her er eit sengeteppe som eg sydde av litt store sekskantar for ca ti år sidan. Brukte ullvatt inni.


Her er ein liten løpar i arbeid. Berre frå restekorga, og sortert i lyse og mørke rader. Trur faktisk denne kan bli fin, viss den blir ferdig nokon gong!




Her er ein løpar som eg lagde for mange år sidan, denne har blitt brukt mykje. Her er restar frå ein del barnekle putta innimellom, slik tek ein vare på koselege minner!
Helsing Ing
Inger

torsdag 7. oktober 2010

Oktobermøtet, nytt utstyr til klubben

Vi har kjøpt inn lysbordet frå PolarQuilt. Denne får medlemmane bruke på møta, det er ikkje til heimlån.
Janne hadde fått i oppgåve å prøvekøyre lysbordet. Her demonstrerer ho korleis ein lett kan teikne av stitcherymønster.

Dette er eit svært godt hjelpemiddel. Tenk berre på speglvending av applikasjonsmønster!


lørdag 25. september 2010

Klubb-aktivitet i oktober pluss youtube!


"Å lage noko ut av ingenting" er mottoet for komande klubbmøte!

Vi må ha med:
Symaskin, knappenåler, tusj, skjæreutstyr (her kan vi låne med kvarandre dersom nokon ikkje har), linjal (helst inch, men det går med cm også). Stoffrestar: Til veska bruker vi striper som er 5 inch lange og ca 1,5 inch breie. Det er praktisk med eit heilt stykke som er 8,5 x 5 inch til botnen. Til foret brukar vi eit heilt stykke på 14x 8¼ inch. Til hankane treng vi to stk remser på 2¼ x 10 inch. Vi treng også eit stykke med vatt eller noko stødig litt tjukt stoff på 14x 8¼ inch.
Mønster får du på møtet.

Ta gjerne med stitchery- eller applikasjonsmønster som du har liggande som skal over på stoff, Janne har prøvd ut den nye lyskassa til klubben. Kassa er ikkje til utlån, men til bruk på klubb-kveldane.

Er du kjend med youtube.com? Her finn ein utruleg mykje kjekt som går på framgangsmåtar i ulike lappeteknikkar. Om du ikkje er så stiv i amerikansk, så er det veldig instruktivt. Går du til denne linken under, og har ei lita humrestund, så gå vidare i filmsnuttane som ligg til høgre. Her er underhaldning og inspirasjon for mange mørke og våte haustkveldar! NB: Om det går dårleg med avspelinga (mange stopp) ein kveld, går det som smurt ein annan kveld, så stå på!

torsdag 8. april 2010

Kamera til klubben

Styret i klubben bestemte at det skulle kjøpast inn eit kamera. Vi fekk eit godt tilbod på dette snedige kameraet hos Alf Helgheim på Skei. Det blir teke mykje bilete no når vi har blogg, og med eige kamera kan det vere enklare for underteikna å delegere fotograferinga om eg skulle vere forhindra. Dersom nokon reiser på større treff og vil ha med kamera for å ta bilete til bloggen, skulle ikkje det by på problem å låne det ut. Eg vil også gje opplæring i bildebehandling og blogging til dei som måtte vere interesserte. Flott om fleire kan bidra til blogginnlegga.
For styret i GLQ, Elin.