søndag 13. desember 2009

Julekakene våre!




CHOCOLATE CHIP COOKIES a la Kari!

200 g smør og
2 1/2 dl brunt sukker rørast saman med
2 1/2 dl kvitt sukker
2 egg
ca. 7 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 - 2 plate hakka kokesjokolade
Trill små kuler, set på plata, steik ved 200 grader i 8 - 10 min.
........................................................................................................................................................

KVITE JULEMENN a la Kari
125 g smelta smør
5 dl melk
400 g sukker
2 ts hornsalt
1 kg kveitemjøl
Bland alt, set kaldt natta over, kjevle og stikk ut kamelar, sauer, hjerter, stjerner....
Steikast på 200 grader i 6 - 8 min (skal vere lyse).
Putt dei i frysaren, så er dei alltid ferske og gode!
...................................................................................................................................................


DADDEL-KAKE a la Henny!
2 egg og 100 g sukker rørast til eggedosis
3 ss kveitemjøl
1 pk dadlar, delast opp og rullast i kveitemjølet
100 g valneter
1 ts bakepulver
Rund kakeform 24 cm
150 grader, auk til 180 grader, ned att til 150 grader, steiketid ca. 35 - 40 min.
Kan gjerne pyntast med piska krem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar