fredag 5. februar 2010

Februarmøtet

Februarmøtet starta med årsmøte. Her er blomar og heider til Liv Ingunn (leiar), Solbjørg (leiar, valnemd) og Nyfrid (kasserar). Dei har utført svært godt arbeid i verva sine. Tusen takk! Inni innpakningen er det orkidear.

Nye gode folk kom inni styret, det blir presentasjon ved eit anna høve, det har ikkje vore konstituering enno, det blir gjort på valentins/mors/fastelavns-dagen, sånn for sikkerhets skuld!

Liv Ingunn har laga diverse fine ting frå restekassa si.



Jorunn og Nyfrid har hatt sy-dugnad ei helg ein husbond var vekke. Desse dukane må vere frå juleboka til Kari Melsom frå 2009?

Nyfrid har hatt skikkeleg sy-dilla!







Marianne sin lekre løpar med silke. Mange syr framleis "lettvint-løparen" frå Quiltemagasinet, det har dukka opp utruleg mange variantar!

Ein klubbkveld utan at Anna har ferdig eit stort teppe, høyrer til det sjeldne. Her har ho sydd heilt ferdig Songbirds, eit månadsteppe frå Polar Quilt.

Kjempeflott, masse stitchery, artige fargar.

Så til Anna sin vesle boks (fix ferdig på ein time), mønster frå nettet, Little boxy pouch. Skal vi prøve denne, damer?
Kor mange har ein slik sak med seg på marsmøtet? Dette er ei utfordring til medlemmane.....
Nyttar høve å sende ei helsing til Hanne, som har det tøft for tida. Varme tankar går til deg. Tusen takk for sist! Her har Kari spunne vidare på det vi lærte på kurset i oktober. Veldig artig!



Kari er glad i ordspel og språk, sjå berre her!



Og her er eit teppe av dei sjeldne, finst heilt sikkert kun i eitt eksemplar! Kari har kombinert påtrykt stoff med sauer og stitchery med sauer, og sett saman dette forrykande teppet. Ein kan ikkje anna enn bli imponerte!

"Når eg er bekymra og ikkje får sove, tel eg velsigningane mine i staden for sauer"

Ord til ettertanke!

Grethe har sydd denne vakre gardinkappa av AnnaKa.

Og så har ho laga nesten ferdig Roseteppet av same designer.

Solbjørg H. har brodert "Gloppebua sin bestseljar".

...og så har ho laga desse to artige katt og mus-applikasjonane.



....og laga ferdig denne juleløparen

....og denne påskeløparen!

Kari S. kjøpte visst mange artige mønster i Gøteborg, her er sypenal etter eit dansk mønster, ...og namneskilt
Marie er nesten ferdig med sin versjon av AnnaKa-teppet, i litt mindre format. Kjempelekkert!

Baksidestoffet er no berre yammy...

Så er det Margrethe sin tur, her ein nydeleg løpar...

..og veske nr. 1...

...og veske nr. 2!

Fleire variantar av "løpar på ein kveld", dette er Reidun si utgåve denne kvelden (ho har hatt mange andre utgåver tidlegare)...

...og ein annan variant. Trur kanskje ho hadde fleire også, men fotografen måtte slette bilete frå kamera, og det blei litt kluss med konsentrasjonen!

Ei anna Reidun har laga denne utruleg søte, vesle veska frå ei dansk Rasmussen-bok.

Stilig løpar og brikke frå Solveig L. si hand.


Dersom du klikkar deg inn på Erica's butikk, må du ta deg tid til å surfe rundt, veldig mykje artig! Det var Marie som hadde fått tak i denne boka frå Åse i Førde, og sydd ei prøveblokk. Dette kan bli spanande!
Sonja har sydd ein vakker duk!
Annfrid har spesialisert seg på desse vakre brikkene frå AnnaKa. Dei er nesten for fine til å ligge under asjetten, burde få plass på ein vegg, ikkje sant?

Det er hektisk aktivitet i klubben vår for tida, vi førebur regionstreff på Sandane 18. april. Alle besøkjande kan glede seg til lotteriet, nokre av tinga i dette blogginnlegget er til utlodding, men det er hemmeleg kva for nokre det gjeld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar