torsdag 8. april 2010

April-møtet 2010

Tida for regionstreffet for Sogn og Fjordane nærmar seg fort, og på klubbmøtet onsdag 7. april var det hektisk aktivitet, entusiasme, skjemt og alvor om einannan. Her kjem ei rekkje bilete frå vis og fortel. Vi er fleire som har hatt stoffkjøpestopp denne vinteren, vi har tæra på stashen vår i påvente av treffet, då det kjem mange fantastiske butikkar! Resultatet har vorte mange flotte arbeid.
Først nokre småglimt frå gevinstbordet.
Alle gevinstane er kvilterelaterte, og det er mykje fint ein kan vinne.
Glimt frå aktiviteten i klubblokalet vårt.
Her har ei sentral arbeidsgruppe sessa seg på barkrakkane i bakgrunnen. Dei legg planer for treffet.

Så til Vis og fortel: Først ut er Reidun, som har laga påskeløpar.

Ei anna Reidun har vore i bamsemodus, sjå desse trivelege bileta, reint å bli glade av!

Vi har ikkje noko prestasjonspress i klubben vår, ein treng ikkje ha med noko å vise fram om ein ikkje vil det, av og til har folk med seg strikketøy og sit og kosar seg med kvilteprat. Det er slik vi vil ha det! Avslappa og godt, eit lite friminutt i ein for mange hektisk kvardag!
Men det er ikkje til å stikke under ein stol at nokre av damene syr og syr og produserer masse fint, Liv Ingunn er ei av dei. Her har ho sydd ein juleløpar etter gratismønster frå Northern Quilts: Slapp av, det blir jul uansett!

Her har ho lete seg inspirere av Curlingbukse-veska til Northern Quilts. Morosamt bilete, ikkje sant?
Så har ho prøvd gjenbruk, var det eit gamalt tanteskjørt skal tru? Ho har i alle fall prøvd seg på Bente Malm si oppskrift på pulsvantar (?), med lekkert resultat. Det hadde vore kjempekjekt å sy desse. Retting: det var svigermor sitt skjørt, iflg. koseleg kommentar frå dottera!

Margrethe har fått inspirasjon frå ein blogg, og sydd denne friske og fine løparen.
Og her eit uferdig arbeid, applikasjon på damask?

Og nydelege hjarte. Dette er ho spesialist på!
Marianne viser fram Bente Malm-veskene ho har sydd. Ho og Janne hadde ei sy-saman-helg for ei tid sidan.
I ettertid har Marianne sydd enda ei veske, denne gong i signalraudt, ikkje til å kaste vekk, denne. Flott!

Janne har laga nydeleg løpar med mykje frihandskvilting.

Kari E. viser fram ein vakker, sjølvdesigna duk med broderi i midten og blokker rundt.

Grete har verkeleg hatt ånden sidan sist, ho viste fram mykje, her først ein mobil-pung.
Her lommeduk-pose.
Her nydeleg blåbær-løpar.

Stilig løpar etter AnnaKa.
Denne nydelege vårløparen har ho fått inspirasjon til i eit blad, eit blikkfang litt utanom det vanlege med dei skrå stripesetta. Applikasjonen er gjort med stoppefoten, etter råkant-metoden.

Marie har fått ferdig festremsa som vi har vist fram tidlegare då den var under arbeid.
Flott fargekombinasjon og artige former på denne løparen.
Og her har ho fått ferdig duken med spesial-linjalen vi skreiv om på eit tidlegare innlegg. Sjå kor artig bord det blei av avkappet!

Påskeløpar hadde Marie også fått laga. Imponerande produksjon!
Og ein Bente Malm-pung...
Det er ikkje så ofte blogg-forfattaren har bilete på denne bloggen, men denne gongen har eg fått ferdig dette teppet, som har vore under arbeid (work in slow progress) i fleire år. Men då det blei klart at Wenche Wolff Hatling kjem på regionstreffet, blei eg inspirert til å få det ferdig. Teppet skriv seg frå eit stoffabonnement som Wenche og danske Helene Juul har halde gåande i mange år, med berre utsøkte reproduksjonsstoff. Pga. dette abonnementet har eg ei god samling slike stoff i heimen. Dette er ein medaljongkvilt i amerikansk stil, der er litt naivistisk, enkel applikasjon med needleturn-metode. Eg fekk kvilta teppet i Baptist Fan-mønster hjå Meretes Quiltestue. Det skulle vere heildekkande kvilting, og handkvilting har eg ikkje lært meg skikkeleg.
Til slutt viser eg fram eit teppe eg laga til Tepper som varmer, aksjonen som NQF har gåande kontinuerleg, til kreftsjuke og kronisk sjuke born og ungdomar. Fleire klubbmedlemmar har laga slike tepper tidlegare, og det er eit ønskje at vi skal ta ein friviljug dugnad på slike tepper til hausten!
Elin.

1 kommentar:

  1. Wow! Måtte dåke aldri, aldri, aldri slutte med denne klubben. Eg er offisielt forelska (i mine nye pulsvantar som er laga av skjørtet eg arva etter farmor)Du er utrleg flink, mammo mi! Utruleg arbeid dåke har lagt ned i alt dette. Stå på, gloppetauser!

    Mvh Marie Renee, litlejenta til Liv Ingunn ;)

    SvarSlett