torsdag 7. oktober 2010

Oktobermøtet, vis og fortel!

Nokre Buggy Barn-tepper etter forige kursaktivitet:
Først teppet til Kari. Det blei kjempefint! Ho har kjøpt "Katta i sekken", og har dermed mange artige stoff i lageret sitt. Kakestoffet er eitt av dei...


Teppet til Liv Ingunn!

Teppet til Solveig!

Teppe 1 til Margrethe!
Stoffa er frå Juul og Wolff Hatling sin CW-klubb for nokre år sidan.

Teppe 2 til Margrethe!
Ingen tvil om at dette er "heftige" fargar og mønster. Nokre av oss diggar det, andre har andre oppfatningar. Fram for variasjonane!

Margrethe sin løpar.


Liv Ingunn har laga endå eit smykketeppe ala AnnAKa!

Og toalettveska til Bente Malm!

Anna si toalettmappe, med ekstra teknikk på glidelåsen.
Reidun har laga ferdig nokre fleire ting frå Ann sitt kurs i juni.


Marie har laga denne nusselege posen frå Northern Quilts.

Randi Røys frå Nordfjord Lappe- og Quilteklubb har designa denne flotte løparen.
Men kven var det som hadde sydd den???


No må fotografen få med ansiktet når ho fotograferer, slik at det er råd å hugse kven som står bak....


Grethe har laga nokre kjempelekre løparar, her er ein ekstra stor løpar!

Er det ein AnnAKa-løpar som er utgangspunktet, tru?

Ho har også sydd denne løparen frå Northern Quilts.



Nye stoff frå Primula Design! Neste gong kjem Ingunn med butikken sin. Det passar veldig bra, då kan vi få utstyrt oss skikkeleg til kurset med Bente Malm same veka, og kanskje fornye oss litt i julestoff?

Dei danske kalenderjentene!
Elin bloggar er med i ei internettgruppe med Helene Juul, og har kjøpt den noko spesielle kalendaren for 2011. Det er syklubb-veninner av Helene som stiller opp i Evas drakt, drapert i sine eigne kviltar, inspirert av Calendar Girls-filmen. Inntektene går til brystkreft-saka.
Dei danske damene er utan tvil modige!
Det høyrer med til historia at faren til Helene fekk sjokk då han kosa seg med frukosttv og plutseleg såg dottera si naken på skjermen!
Dette er eit apropos til Rosa Sløyfe-aksjonen vi har i oktober.
Laurdag har Helene spesielle tilbod på rosa stoff i nettbutikken sin.

2 kommentarer:

  1. Flot ting og sager I har syet og hvor er det sjovtg at se jeres meget forskellige Buggy Barn tæpper :-).

    SvarSlett