tirsdag 26. oktober 2010

Stemningsrapport frå Haugesund

Liv Ingunn skriv: "Ja, eg har altså vore på tur til Haugesund, og det passa seg slik at Vestlandstreffet var denne helga og. Eg kontakta Haugtussa Quilteklubb av andre grunnar, men blei då invitert til å vere med på eit kurs som ikkje var fullteikna. Så det blei til at eg og dottera mi, Annette, sa ja takk til det, og fekk med oss eit 4 timars kurs laurdag.
Vi skulle sy ei veske, og Annette var veldig spent, for ikkje hadde ho gått kurs før, og ikkje hadde ho sydd veske. Symaskin fekk ho til jul for snart eit år sidan, så litt sying av enkle ting, som mor har lært ho, er det blitt.
Laurdag starta kurset kl. 11, og det var Sol Stensland, Lappesol, som var kursleiar. Og som de ser av resultetet, gjekk denne kjempegreitt. Ei flott veske for nybyrjarar, og vi som har sydd litt, syns det var kjekt å bli ferdig med heile produktet før vi avslutta. Vi hadde tid til overs, og fekk sett litt av det dei andre kursdeltakarane heldt på med. Elles er Birminghamveske, som den vert kalla, veldig fin å utvikle med litt lommar og eventuell størrelse. Har fått løyve til å lære den vidare om det er ønskje om det. Skal ta med veska mi på neste klubbkveld."
Annette ivrig og konsentrert med å sy!
Modell frå kursleiar. (Elin klarer ikkje å opne biletet av Annette si veske, kanskje Liven kan sende på nytt?)
Endå ein modell, her er det brukt gamalt broderi. Fretex skal visst vere ein fin plass å finne slike broderi. Kanskje er det mange som har heime og, ligjjande i skuffer og skap.
Veske etter Bente Malm design, stoffet kjøpte Liv på treffet. Kjempekjekk å sy!
"Litt handel blei det og, men ikkje så mykje når mesteparten av tida gjekk til kurs. Det var mange flotte butikkar der, flott utstilling, og så masse hyggjelege folk. Vi hadde ein kjempefin dag på treffet."
Tusen takk til Liv Ingunn som har sendt inn stoff til bloggen!
Apropos Vestlandstreff: Ein kan lese på Nordfjord Lappe- og Quilteklubb sin blogg ("Eidabloggen" at det blir Voss som skal arrangere i 2012). Så veit vi det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar