mandag 3. januar 2011

"Broderi - Naturligvis" - Kurs med Bettina Andersen

25. - 27. mars får vi den danske kunstnaren Bettina Andersen til å halde kurs for oss. Tema blir broderi etter inspirasjon frå naturen med fritt hand- og maskinbroderi. Bettina skriv i ein mail: "Vi tek utgangspunkt i dine fotografi frå naturen, og vi gjer det på forskjellige måtar. Nokon vil sy eit naturalistisk bilete, som liknar utgangspunktet, andre vi sy noko som er meir abstrakt, og atter andre vil bruke det vesle biletet som dekorasjon på enkle vesker......Alle kan vere med på dette kurset, sjølv om du aldri har sydd fritt broderi tidlegare. Det er lett å lære, og vi begynner med ein introduksjon til fritt maskinbroderi."
Sjå elles høgre marg på bloggen (Bettina si heimeside).
Det blir kurspåmelding på januarmøtet. Vonar mange vil nytte høvet til å vere med på dette litt annleis kurset som vi arrangerer. Underteikna har vore på kurs med Bettina før, og det var kjempekjekt.
Meir om kursdetaljar, klokkeslett og materialliste kjem vi attende til seinare.

Helsing Elin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar