fredag 4. november 2011

Besøk til Desiree

Vi hadde som fortalt før ein strålande dag på søndag, og her er nokre glimt frå butikken til Desiree. Dette teppet fekk ikkje eg heilt fram på biletet, men det var veldig fint avstemte fargar !
Her ein enkel komposisjon, og ein nydeleg kombinasjon av japanarar og stoff med gull i.
Desiree er glad i brunt og beige, denne er klassisk og veldig behageleg å sjå på!
Her er dei flytande stjernene skorne skeivt, det gjorde seg !
Her strevde Desiree med å få det jamnt, all skråskjeringa gjorde at det vart litt bulkete. Men kva gjer no det ? Dette skal ho gje til tepper som varmer. Veldig fine fargar!
Her eit fantastisk teppe !
Og igjen over til brunt og beige og vindmøller.
Same teppet. Aldeles fantastisk !
Her eit eksempel pa at Desiree tek utgangspunkt i eit mønster, og lagar sin eigen vri !
Her viser Desiree to tepper som mor hennar har laga. Ca 10 år gamle, nydeleg, og dei fortalde ei historie. Tenk at ein kan uttrykkje så mykje med to bilete !
Tusen takk til Desiree for eit fint foredrag og ein kjekk dag !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar