torsdag 6. september 2012

Meir frå klubbkvelden!
 
Her kjem ei anna kul Tilda dokke frå Janne.
 
 
 
 Sjå også på teppet under.  Dette har Janne i utestova si.  Så herleg!


Og her har Janne laga ei lita veske av pysjen til Tonje....Så smart med legg for å få denne posefasongen!

 
Kari S sitt friske stjerneteppe,- eg hugsar ikkje navnet på blokka....

 
Her har Anna starta på eit spennande prosjekt, med Patricia, og symaskiner som ein programmerer til å sy i sirkel, reknar med at vi får sjå meir neste klubbkveld.....

 
Og Marit har laga trekk til solsenga si,- med alle blomstrande stoff som tenkast kan.  Så fint!


Margrethe har sytørke,- det er også lov!  Her har ho fått nålehefte av Liv Ingunn.


Sonja har laga denne stilige hjerteløparen.  Denne var verkeleg fin, biletet lyg litt.


Solveig har laga toalettveske, og prøvt ut "fase 2" som vi vel å kalle dette "fast2fuse" eller ka det heiter i verkelegheita!
 
Og Solveig har også laga sin eigen versjon av ein løpar i Quiltemagasinet.  Rolege gråfargar gjorde seg verkeleg!

 
Og her deler Solveig ein glimrande gåveide til dei som har fått baby!


Og Solveig har laga vognteppe i grønt, slik at det passar til både jente og gut.  Kjempefint


Kari S har laga løpar til bordet ute,- og denne var verkeleg sommarleg.


og her er Kari inspirert frå nordisk quiltetreff i Danmark i vår.  Anne J og Kari tek seg stadig ut i verda og blir inspirerte.


Og Kari har også laga oldemors fotoalbum, nydeleg arbeid.


Vi andre som ikkje hadde med oss noko seier tusen takk til dei som hadde med seg arbeid og inspirerte oss andre til å kome i gang igjen.  Oppskrift på krydderkake kjem i neste innlegg, den må de ikkje gå glipp av !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar