onsdag 31. oktober 2012

Førdeturen, del 2, vis og fortel

Førde-klubben hadde kurs med Hanne Schneider hausten for 3 år sidan, og då fekk dei lære blokksying, både Nearly Insane og Dear Jane. Kjærlaug har sydd begge teppa! 
Dette var verkeleg imponerande handverk. Som ein ser, så handkviltar ho 16 blokker om gongen på DJ, ganske smart!!


  Alle blokkene er ferdige, til og med triangla...

Gunvor viste fram mykje imponerande også! Dette er handsaum over papp, er det Sue Daily design og teknikk?

Eitt av Lynette Anderson sine juletepper.

Dette er vel Gail Pan sitt mønster? Nydeleg!

Løpar frå Annie Downs  si bok Some Kind of Wonderful.

Åse sitt juleteppe.
  Åse sin juleduk.
  Desse bokbinda var det mange som fall for!


Marie sitt Buggy Barn-teppe frå kurset i Førde.

Marie sin juleduk frå Northern Quilt.

Det blei vist fram veldig mykje fint, og det blei ikkje teke bilete av alt. Kanskje Åse legg ut fleire bilete på deira blogg?
Traktementet var førsteklasses!
Tusen takk til førdianarane for denne inspirerande kvelden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar