onsdag 7. november 2012

Klubbmøte 7. november

Tema for kvelden var brikke i snedig teknikk, sjå forige blogg-innlegg. Nesten alle frammøtte hadde med symaskin denne kvelden, og det var mykje og god aktivitet. 

Vis og fortel!
Første store teppe er Kari E. sitt. Ho er glad i blokker og sterke fargar. Her har ho brukt to blokker, rådhustrapp og ei stjerneblokk som ho har spesial-linjal til. Teppet under er eit barneteppe, også i kjend Kari-stil. 



Marit H. B.  har laga eit enkelt og flott teppe frå eit utanlandsk kvilteblad.

Anna har sydd to løparar i rådhustrapp, same fargar, men med ulik lukkekant. Ho brukte ein spesial-linjal til stripene, håpar vi får demonstrert dette ein gong!


Denne Baltimore-kvilten sydde Anna på kurs med Annlaug ein gong på 90-talet. Han heng til vanleg ved peisen heime hos henne, og blei no teken ned i høve opp-pussing, ettersom underteikna forstod.


Smarte vesker signert Anna. Blonder frå brudekjolen. Kor lenge er det sidan bryllaupet stod, Anna?


Ann Elisabeth har vore produktiv sidan Førdeturen. Denne løparen fann ho mønster til i My Quilt.


Restestoff og typiske A.E.fargar.


Bente Malm sin juleløpar, laga av Ann Elisabeth.


Marie sin stjerneduk.

Marie sin vårløpar, ala AnnaKa. Nydeleg handverk!

Nydelege toalettvesker signert Solbjørg R.

Enten Laila eller Else Pernille i arbeid med kveldens tema.

Vi hadde besøk av Inger Karin Grov, som forhandlar Panduro-produkt på RonnyRør-butikken. Ho har mykje Tilda, både stoff, bøker, kits, broderigarn og blondar.


 Liv med sitt ferdige BB-teppe, riktig eit koseteppe med fleece på baksida, greitt kvilta i bølgjer på eiga maskin. Ho og nokre andre damer var i Førde på kurs med Helle tidlegare i haust. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar