torsdag 14. februar 2013

Kurs med Hanne nærmar seg!


Kurshelga nærmar seg, og ein kan berre begynne å glede seg. Hanne skal undervise oss i blokksying, med vekt på Dear Jane og Nearly Insane.
Etter litt surfing på nettet i dag, har eg funne denne kjekke bloggen, der vedkomande (som underteikna) har starta på Dear Jane for lenge sidan, og som no har fått eit puff til å gå vidare. Les dette morosame innlegget!
Sjølv starta eg så smått på desse blokkene i mars 2008, her er alle innlegga mine (trur eg) om Dear Jane. Eg har hatt Jane-pause lenge no, og håpar å få ny glød på Hanne sitt kurs! Ein blogg er å anbefale for å finne tutorials (framgangsmåtar) for kvar blokk, That Quilt.
Det som er så fint, er at ein slett ikkje treng lage desse store quiltane, det finst mange døme på mindre ting ein kan lage av blokkene.
Det er framleis ledig plass på kurset!
Hanne med sin fantastiske Nearly Insane!
Og her har ho sin flotte Dear Jane!

Håpar vi sjåast på kurs første helga i mars! Helsing Elin.

2 kommentarer:

  1. Gleder meg til kurset. Har alltid hatt lyst å begynne på desse blokkene , men har ikkje kome igang. Kjøpte stoff på Eid, då det var søndagspoe, men idag reiser eg til Bergen, s¨då veit vi ikkje kva eg kjem heim att med. God helg Elin og så snakkast vi. Helsing Liv H.

    SvarSlett
  2. Jeg gleder meg også masse til dette kurset! Både fordi vi skal sy blokker, noe som er gøy, men og fordi det skal bli så hyggelig å ha Hanne der som kursleder! de som ikke melder seg på går glipp av noe veldig kjekt! Kari R Eide

    SvarSlett