torsdag 4. april 2013

Tildakveld på onsdag

 
På onsdag var vi så heldige å få besøk av Karen Grov.  Ho hadde med seg mange flotte Tildadukker,- og alle ting og tang som ein treng for å lage dei.  Ho fortalde om korleis ho kosa seg når dukkene vart til, og krydra tips og triks med humor og sjølvironi.
 
 

Ei kjekke stund,- og fleire damer i klubben er alt i gang med sine prosjekt.


 Karen har laga mellom 30 og 40 dukker, i tillegg til alskens tilbehør til dei.



 
Eit av tipsa gjekk ut på å starte med ei stor dukke, dei minste krev noko meir trening.







 
Karen har samla alle mønster og forklaringar i ein eigen perm med plastlommar.  Eit beundringsverdig oppslagsverk.
 
 
Og hadde med seg mange Tildabøker, og alt mogeleg anna rart.


 
 
 
Vi er kjempeheldige som har ein butikk på Sandane som har hobbymateriell
,- all honnør til Ronny Rør!
 
 
 
Så kjem det eit innlegg til frå vis og fortell,- versågod Liv Ingunn!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar