torsdag 9. mai 2013

Gloppen Lappe-og Quilteklubb med hyggjeleg avslutning for sesongen, onsdag 8. mai 2013.


              Og så kjempelurt av styret og leggje den til, Antikk & Rariteter.

Der fekk vi ei koseleg samling, med kjempemasse flott å sjå av alle slag, frå møblar til dukar, dukkesenger, små søte støvler og mykje, mykje meir. Du som ikkje har vore der, bør absolutt ta turen dit, men du, ha god tid, for det er så mykje flott å sjå.


Og her er eigaren av Antikk & Rariteter, Åse Moen, ilag med ein av dei trufaste medlemmane våre, Anna Henden. Åse fortalde oss ein del om produkta og også nokre tips viss vi skulle handle antikviteter, eller ekte varer. Dessuten diska ho opp, med gode hjelperar, med vaffler, frukt og is, kaffi og te. Ei flott kosestund.
Takk til deg Åse.


                                          Her kan de sjå korleis det ser ut i ein del av låven.


Så mykje flott på ein plass og så mykje arbeid nedlagt i dette. Vi er imponerte heile gjengen.



Eg, Liv, handla ikkje stoff, dukar eller blonder denne gongen. Eg klarte å styre unna, men no veit eg at det er mykje spennande å finna der. Eg kjøpte meg istadenfor desse fine tekoppane.

Eg syns dei er kjempefine og passer til mine Porsgrund kaffikoppar.


Så var det tid for viss og fortell. 
Margrethe har laga denne sminkepungen av eige laga stoff, ved bruk av solvy. Kanskje ho vil ta eit kurs til hausten. Det er kjempekjekt å lage, så her må de melde frå om interessa er der.


Anna har laga ei sybok(eg måtte snu bilde feil vei, for eg hadde jammen klart å ta bilde av den, opp ned).
Flott stichery og forseggjort.


Slik ser den ut inni. Eige mønster design?


Kari har sydd dette teppet. Sydd av firkanter som er delte og blokker sydd på avispapir.


Flotte grøne og lyse fargar i dette teppet. Vårleg og fint.


Solveig sin løpar. Trur det var ei gåve, ei flott gåve, som ein berre må bli glad av for å få.


Stichery gjer seg utruleg flott. 


Tepper som varmer treng alltid teppe til sin aksjon. Dette teppet skal Solveig gje til dei. Så flotte motiv gjer det til eit koseteppe for ein liten venn, som trenge det spesielt. Du er flink Solveig.


Solveig har også laga denne klekypehalderen, og mønsteret kjem frå eit eldre Quiltemagasin.
Godt å vite kor ein finne kleklypene, når klesvasken skal på snora.


Og Solveig var med då vi hadde kurs med Hanne. Ho har sydd, Dear Jane blokker, og sett saman ruter av heile stoff imellom. Dette blir fint på veggen.


Liv har laga duk etter AnnaKa mønster og har brukt sommerlege stoff, noko kjøpt med Berit Mjåseth, då ho var her og ein del frå eige"lager". Ellers brukt nokre småbrikker, som er delt opp, både hekla og nupperelle brikker. Gamle blonder har også fått sin plass på denne duken. Og knappar.


Liv blir inspirert av Margrethe og kanskje omvendt, men på sygruppa Zting laga vi nytt stoff  med solvy og det måtte prøvast.Her kan ein få brukt opp litt av kvart.
På dette bilde er det laga toaletteveske, sminkepung, smykkeetui(mønster i siste Quiltemagasinet) og to lommebøker. Mykje restar av svart lin, bomullstoff m.m. er brukt i kombinasjon med "solvystoffet".


Her ser de andre sida på toalettveska og sminkepungen. Ellers kan de her sjå at det er sydd 3 lommer til å putte smykkene i og så er det laga ei pølse med trykknapp(viser ikkje på det svarte stoffet)som kan opnast og lukkast, slik at ein kan ha ringar, øyredobbar inn på.


Då Berit Mjåseth var her, hadde ho med seg ei veske som lignar på denne. Ho hadde ikkje mønster, men vi kunne få kjøpa i metervis, eg kallar  det pølser, som ein kunne ha i øverste kant på veska. Det blei gjort og eg, Liv har lag eige mønster, som eg er eigentleg veldig fornøgd med.
Ei dongerylomme fekk plass på utsida, brikke og buksemerke m.m. Linninga av buksa er brukt øverst på veska.


Andre sida på veska, pynta med ei heklabrikke, motivstoff av ei sprek dame og rose frå ein kjole. Legg merke til det tøffe avlagte smykke på eine sida. Det er berre fantasien som set grenser. Inni veska er ei stor innerlomme med glidelås. Så dongeryveske kurs, kan det så avgjort bli til hausten Sonja.


Siste Quiltemagasinet hadde ein del mønster, som er verd å prøva, mellom anna mønster laga av Bente Vold Klausens, Converse veske. Spennande å sy og flott resultat. (Kan kanskje vera ein liten feil i mønsteret. Eg har ikkje fått det sjekka opp endå, men ver obs om du syr den.)


Converse veska skulle passa perfekt til kvardagsantrekket. Denne er sydd av ei avlagt dongerybukse og linninga er blitt skulderreim. Fora med det eg kallar retrostoff. Avlagt sommarskjørt.

Så ha ein fortreffeleg sommar alle sammen og takk for ein triveleg kveld ilag. Spesiell takk til styret som laga til. Det er flott å bruke det vi har i bygda.




2 kommentarer:

  1. Flotte innlegg, Liv Ingunn! Tusen takk. Kanskje eg går inn og forstørrar bileta frå Låven?

    SvarSlett
  2. Ja, det må du berre gjer. Snakkast.

    SvarSlett