torsdag 9. mai 2013

Ingen gjemt og ingen glemt....


Kjære du mi Kari ...
Eg klarte jo ikkje å få med alle bilda eg tok igår kveld, men at du får ditt eige innlegg, syns eg gjer ikkje det slag. Kari er den i klubben vår som lagar dei store teppa. Dette er kome til quiltinga og av alle ting er ho ein "resar" på håndsaum. Bilda mine blei litt uklare, men de ser kor flott dette teppet blir og at det blir eit nytt bilde til hausten, der teppet nok er heilt ferdig. Kari er her i full gang med å forklare kva ho held på med.
Ho kunne ellers fortelja oss at ho har bestilt seg  ,long arm maskin, frå TEXAS. Du store verden, dette blir spennande.



Restlageret til Kari har og begynt å minke, heldige ho. Her har ho sydd lapper/blokker ut av restar. Flygande gjess og i slike glade, glade fargar.
Og så er det snart sommar, men gjer som Kari,om enn du ikkje skal på båttur, ta quiltearbeidet ut i hagen om det skulle bli ver til det.

1 kommentar:

  1. Så flott i blått, Kari. Du er driftig og det er jammen du Elin og Inger,og. Kjekt å sjå kva det held på med. Forsatt god quiltesommar. Mvh Liv Ingunn.

    SvarSlett