lørdag 27. juli 2013

Litt inspirasjon på tampen av juli....



Handsaum har vore ein stor hit denne sommaren, på bloggar og facebookgrupper. Kanskje har også du vore ute i sola og sydd?

Mange har vel fått med seg at Kari har vore på segltur i Hellas i 3 veker! På båten sydde ho Nearly Insane-blokker. Fargevalet måtte vere midt i blinken på det blå havet....


Inger og Elin har sydd over papp, med stoff frå Lappemakeriet og eige lager. Etter at ein fekk tilgong på limpennen, er pappsaum blitt ein leik! Tenk at hos Ronny Rør på Sandane kan du få kjøpe denne limen. Dei har forøvrig fått inn mykje fint og kjekt for oss kviltarar, og eg har tru på at der kjem meir!



Wenche, som vi hadde til føredragshaldar, er ei utruleg driftig dame med teft for både det kreative og å vise seg fram i utlandet. Her har ho fått mange sider i det amerikanske bladet! 
Fussy cut, eller motivkutting, er ein populær trend no, og her har ho nytta seg av den teknikken. Dette teppet er sydd på strek, altså "på amerikansk", men formene får ein kjøpt i papp om ein vil. Sjølv har eg investert i  plastmalane ho bruker, veldig praktisk for å kutte med skjærekniven!



Vel, dette er kanskje ikkje noko for mannfolka, eller? 


har hatt kurs i Noreg fleire gonger, og mange av dei mest aktive bloggarane har delteke der, både i Oslo, Tønsberg og Trondheim. Her er eit teppe eg har henta frå nettet. Eg vil anbefale å gå inn på sida hennar!
Her er det handsaum og applikasjon i skjønn foreining.



Eg er venn med Sue på Facebook, og kvar veke legg ho ut ein film på Youtube, der ho forklarer ting som har med engelsk papirsaum å gjere. Her er lenkja til del 1. Eg trur at når du er inne der, vil du få opp dei påfølgande filmane og. På film 3 er der nøye beskrivelse av Fussy Cut.


Om du tykkjer det er stille på bloggen, send bilete av sommarsysakene dine, og eg lagar innlegg!

Sommarhelsing frå Elin.

3 kommentarer:

  1. Eg prrøver igjen. Eg la visst kommentaren min under feil innlegg.
    Så flott i blått,Kari. Og jammen er de visst like flott det som du ,Elin og Inger syr og. Kjekt å sjå kva det held på med. Fortsatt god quiltesommar.
    Mvh Liv Ingunn

    SvarSlett
  2. Heia!
    Så flotte blokker Kari! Skal det bli sengeteppe?
    Lekkert teppe frå Sue!
    mvh Marianne K Raad

    SvarSlett
  3. HEI!
    Er det du Elin eller Inger som har produsert det som heng på altanen? Det såg flott ut! Trur eg må lære med dette!
    mvh Marianne K Raad

    SvarSlett