torsdag 5. september 2013

Septembermøtet 2013

Då starta vi opp ny sesong første onsdagen i september. Det kom mange medlemmar denne kvelden, vi hadde fellesstitching av koffertlappar som kveldens tema. Elles var det veldig mange flotte ting å sjå på vis og fortel, og fleire "småkurs" undervegs. 

Ver budde på eit langt innlegg her!

Nokre av damene har fått dilla på engelsk papirsaum, blant dei er Margrete. Ho har vore på Kathrines Quiltestue og kjøpt nokre papairmalar og nokre stoffpakkar. Sjå for ei lekker blokk. For å sjå eit heilt slikt teppe, klikk her. Sjekk elles bloggen til Kathrine!



Anna har laga fleire pompadurar, fine gåver!



Ho har og laga futeral eller cover til ein nydeleg bibel som barnebarnet austaføre skal få i konfirmasjonsgåve til helga.



Så viste ho fram denne fantastiske biletveven, som ho starta på i 1977. Ho fortalde heile historia bak teppet, men eg klarer ikkje å gjengje det her. 
Biletet heiter De fem kloke jomfruer og Mesteren. 

Originalen til dette teppet kan ein sjå på Kunstindustrimuseet i Oslo.

Mottoet til Anna etter å ha avslutta dette fantastiske prosjektet (som truleg har hatt lange pauser) er:
GJE ALDRI OPP!


  Jorunn har hekla glasskjularar. Desse er fine å bruke til lysestakar, mellom anna.


Liv Ingunn har laga toalettvesker og andre vesker. Skal tru kor mange ho har laga totalt?



Reisemappa til Liv Ingunn. Ho lagar sine eigne blondeglidelåsar (godt tips!)


Kari S. har laga toalettvekse.

Kari E. har handsydd svært mange Nearly Insane-blokker i sommar. Ho hadde preppa eit lass med blokker sirleg i merka plastposar til seglturen i Hellas. Fargane er inspirert av havet og Hellas.



Ho har fått seg ei ny kjempe i heimen, dvs. ei ekte Longarm-maskin frå Texas, distribuert via Merete Ellingsen. Her er prøveteppet hennar. Ho har førebels berre manuelt utstyr, men kan utvide med dataprogram om ho vil. 
Vi gledar oss til å besøke henne på garasjeloftet!



Annlaug er hagemeister, og syr ikkje så mykje om sommaren. Men ho har fått ferdig denne juleløparen. Veldig fin, kule stoff!


Janne har laga nydeleg Tilda-dukke... 

...og strikkepinnemappe.



Solveig L. har satsa på eldre mønster i ny stoffdrakt. Ikkje dumt det!





  Så har ho laga eit stort reisesett til dottera si!





Sonja er igong med AnnaKa sine bordmapper og muggruggar.
Stoff og mønster er kjøpte på RONNY RØR på Sandane. Besøk denne butikken og sjå den nye hobbyavdelinga. Støtt opp om Inger Karin Grov si hobbyavdeling!


Marie har som vanleg ein god produksjon. Biletet her er diverre utydeleg, men her er masse små Puss in the corner-blokker i nydelege stoff.




Kanskje dette teppet er laga av charm-pakkar frå Kathrines?


Lappemakeriet hadde ein BOM (block of the month, månadsblokk) for nokre år sidan som heitte Svennebrevet. Her fekk ein prøve ut forskjellige teknikkar.
Prosjektet blei seinare lansert i Familien, men der var andre mål på blokkene.


Uklart bilete av ein del av forsamlinga. Kjekt å sitje ved langbord og stitche!


Kathrine og hennar medhjelparar er flinke å setje saman stoffrullar, som er reine godis-pakkane.
Marie let seg freiste...



Elin
sine ikkje heilt ferdige prosjekt (men dei skal ikkje tilbake i ufo-bunken).

Dette er ein resteduk av Annes sommarduk frå Lappemakeriet. Her står att å sy til kanten rundt. Elles er han handkvilta.


Winding Ways-blokker sett saman til ein liten duk. Ein må ha 9 slike blokker utan sashing, altså tett saman, for å få fram det "sekundære" mønsteret med sirklar.
Her har eg brukt kutte-maskina til klubben, og sydd blokkene på maskin. Det er eit putl, men er vel verd å prøve!


Tumbler/vassglas-løpar. Her har eg og brukt kuttaren til klubben.


Det finst 3 ulike storleikar i denne linjalen, dette er medium storleik, veldig grei, som folljar litt, dvs. det blir fort eit prosjekt ut av det...
Dette skal bli ein løpar til ei ung dame.


Blokker frå Hanne sitt kurs, laga til ein løpar. Denne er vrangsydd. Det står att litt kvilting.


Meir handsaum denne sommaren! Eg er blitt veldig glad i engelsk papirsaum etter at ein begynte å lime stoffet til pappmalane. Her har eg brukt berre diamant-forma og laga stjerner. Men om ein legg hovudet ørlite på skakke, ser ein kube-mønster og...
Stoffa her er frå "skattkammeret" mitt, dvs. restar frå diverse månadsblokkprosjekt frå Lappemakeriet!
Denne er vrangsydd, og manglar litt kvilting.


Annes sommarduk (han er faktisk ferdig). Ved besøk på Lappemakeriet i juli fekk eg sjå originalen. Då fekk eg ei aha-oppleving. Dei hadde nemleg brukt eit nydeleg fleirfarga stoff (ala Kaffe Fassett) til bord rundt. Då fekk duken eit mykje meir samlande preg.
Bord-stoffet følgde ikkje med i stoffpakken, då dei ikkje hadde meir av det.


Av 1" Honeycomb papirmalar kan ein trylle fram desse artige blokkene. Dei skriv seg frå den antikke kvilten Patchwork of the Crosses, som eg har skrive om i eit tidlegare blogginnlegg her. Der er lenkjer som er fine å sjå, med gode idear.
Eg har planar om å lage ei blokk til førebels, og deretter applikere dei ned på dette halvlin-stoffet til ein løpar.



Fleire søte småblokker, type Dresden. Planen er å lage mange, applikere kvar på eit bakgrunnsstoff, setje saman med reine stoffblokker til eit teppe...


Wenche Wolff Hatling hadde eit prosjekt i bladet American Patchwork & Quilting, eit teppe med desse blokkene, og mykje "fussy-cuts", motiv-skjæring. Her har eg brukt gamle Amy Butlerstoff mellom anna, og funne kjekke motiv. Desse blokkene er sydde på strek.



Wenche sel desse plastmalane. Eg har brukt berre 3 av dei til no, det er dei som er blanke og eg ikkje har teke av papiret endå. Spanande til fussy-cuts, og veldig kjekke med små hol i hjørna, der ein stikk ned ein merkepenn.
Kan varmt anbefalast!


Sue Daley har og slike plastmalar og eigne pappmalar. Av andre pappmalar kan anbefalast desse frå Paper Pieces.

Her er eit "undervegs"-bilete.
Sidan ein del damer viste interesse for desse teknikkane, vil eg sterkt anbefale å gå inn på lenkjene i tidlegare innlegg frå i sommar. Der kan du t.d. finne you-tube-filmar med Sue Daley, der ho viser alt om papirsying. 
Der er og ein kjekk link til Red Brolly-bloggen med POTC-blokkene, og litt om historia bak desse blokkene.


Marie hadde overrasking til oss. Ho hadde laga materialpakkar til koffert-lappane. 
Planen er at vi skal til Bergen på tur i oktober!


Til slutt dagens morosame vintage...


Takk for ein kjekk og innhaldsrik klubbkveld!

Helsing Elin.

1 kommentar:

  1. Flott innlegg,Elin:)No kan andre quiltedamer la seg inspirere av alle dei flotte bilda av arbeid vi laga i klubben.Sonja:)

    SvarSlett