torsdag 7. november 2013

Novembermøtet, saum på avispapir!


Kari hadde fått spørsmål om å demonstrere saum over avispapir. Dette er ein teknikk som er nytta i fleire av Bonnie Hunter sine kviltar. 
Her er Roll, roll, cotton boll, frå nokre år tilbake. Dei lyse blokkene her er sydde over avispapir, kutta diagonalt to gonger, og sydde saman att. 

Her er ein annan mysteriumskvilt. Dei blå små kvadrata er sydde i denne teknikken. Der er også nokre raude trekantar rundt Ohio-stjernene i same teknikk.


Kari har ekperimentert med LeMoyne-linjalen. Her ser vi og at nokre av blokkene har fått slike stripesett i trekantar.


Denne kvelden tok Kari utgongspunkt i aviskvadratar på 7 inch. Ein bruker helst jeansnål og stinglengde 1.5. Starte med ei remse i midten, og arbeide seg utover. Stryke av og til. 
Reinskjære blokka etter avismalen. Fjerne papiret, det går lett som "svupp".
Desse blokkene kan brukast på uendelege måtar. For meir inspirasjon, sjå til dømes her!





Leaders and enders, sy med kontinuitet, bruk mindre tråd, spar arbeid, lag lappar som blir ein ny kvilt utan arbeid, av seg sjølv....

Dette er og ein Bonnie-ide. Ho kallar det leaders and enders, kva kan vi kalle det? Innmatingsblokker? 
Her har Kari på førehand kutta kvadrat på 1,5" og rektangel på 1,5 x 3,5". Når ein startar å sy, matar ein først inn delar til ei blokk (leaders), eller kanskje ho allereie ligg klar (enders).  Og vips, blir det bonus-blokker av det!


Takk til Kari for inspirasjon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar