torsdag 7. november 2013

Novembermøtet, vis og fortel!

Utruleg søtt koseteppe av kvadrat og fleeceteppe på baksida. Hemmeleg, derfor ikkje namn her.


 Solveig L. sitt nye kjøkensett, lekkert!



Liv Ingunn har applikert heklaløparar frå mor si. Skikkeleg fint, og ein god ide!


Løpar av gamle putevar.

Koseteppe!

Nydeleg veske etter Bente Malm si oppskrift. Ein del av veska er sydd i dress-stoff!



Pattydoo
Liv Ingunn har sydd denne veldig populære toalettveska. Her er link til framgangsmåte, reknar med at mange syr denne! Her er både film og mønster.

Inger har laga nydeleg løpar av den minste twister-linjalen.

Så har ho spesialisert seg på desse fine posane, tilpassa etter eit gammalt AnnaKa-mønster.



Denne smarte bagen har ho sydd frå boka Hånd i hanke.

Kari E. har laga sin eigen vri på denne brikka, inspirert av The Fox og Northern Quilts sitt mønster.


Her har ho brukt linjalen trirecs.



Grete M. har laga sin eigen vri av eit gammalt AnnaKa-mønster, med lyse, lekre Tildastoff.

Det er definitivt ugler i mosen! Her er Else sine nydelege puter og løpar.



Annnlaug sine ugler!



Sonja har fletta julekorger av stoff.

---og ho er begynt på løparen frå siste Quiltemagasinet.


Anna har laga nok ei toalettveske.

Denne adventskalendaren kjem vi tilbake til litt seinare.
Det er Marit H.B. som lagar denne.


Her er nok eit nydeleg koseteppe med fleece.

Marie sin vri av AnnaKa sine urteenglar. Ho har sydd 4 bilete av dei, og sydd på eit vrangsydd hjarte. Nydeleg resultat!





Julekalendaren: Dette året med rev. Ho syr til alle borna etterkvart som dei etablerer seg. Posen framme har dei 4 pakkar i, ein for kvar søndag i advent. Der er 24 kvadrat rundt, viss ein vil lage dagskalendar.


Mønsteret står i dette juleheftet frå 2004, og det er designa av Wenche Wollf Hatling.



Sol har laga adventsfestremser og muggruggar.


Det er berre imponerande kva folket får til!

2 kommentarer:

  1. Du hendelse, her va det møkje fint :D
    Favorittar: adventsfestremser, fletta julekorger, ugleputer & løpar og adv.kaldendar :)
    Gu' kor flinke de alle e :) Wohoo!!

    SvarSlett
  2. Så kjekt innlegg Elin, og mykje arbeid! Takk til Elin og til Kari som hadde klubbaktiviteten!

    SvarSlett