Det har vore hektisk aktivitet i GLQ siste veka! Onsdag var det klubbmøte, og her er bilete frå denne kvelden. Klubb-aktiviteten og kaffimaten finn de litt om i det forige innlegget!
Først ut er "sy-boka" til Anna. Ho har vore på kurs med Patricia Iden, og her er litt av innhaldet, litt av eit arbeid, men sikkert veldig praktisk, og arbeidet er jo utsøkt!
Reidun (nr. 1) har hatt dilla alldeles siste vekene, her er løparar i søkk og kav, nokre for jul og nokre for advent, skikkeleg lekre! Quiltemagasinet har vel hatt mønster på desse, og så har ho tilpassa dei slik ho likar dei. Godt jobba!
Svanhild har laga dei nydelegaste kuvertbrikker, som kan brukast både på
framsida og baksida. 

Solveig har laga lekker og praktisk veske.
Reidun (nr. 2) har pynta på ein "kjedeleg" løpar, resultatet blei berre så flott!

Reidun (nr. 3) har laga nydeleg veske! (Bruker alle tre Reidunane å vere på møte samtidig, eller var dette eit særtilfelle?)

Hagearbeidarane blei så fine! Kven kunne ikkje ha lyst å lage desse?
Synd at dette biletet blei så utydeleg. Kari S. har sydd denne fine veska etter eit mønster ho kjøpte på Nordisk-treffet i Gøteborg. Her er lenkja til den danske butikken som har mønsteret.

Så kjem vi til avdeling Anna + store teppe! Ho syner fram dei nydelege sengeteppa ho har sydd, og er kjempefornøgd med den profesjonelle kviltinga frå Gla'lappen.



Vi beundra baksidene også. Herlege arbeid. Kor mange sengeteppe har denne dama sydd?
Solveig har laga lekker og praktisk veske.
Hagearbeidarane blei så fine! Kven kunne ikkje ha lyst å lage desse?
Så kjem vi til avdeling Anna + store teppe! Ho syner fram dei nydelege sengeteppa ho har sydd, og er kjempefornøgd med den profesjonelle kviltinga frå Gla'lappen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar