søndag 20. september 2009

Dear Jane og Nearly Insane

Denne helga har Førde Quiltelag stått som arrangørar for eit kjempebra kurs for alle som er glade i blokker, papirsaum, applikasjon m.m.
Dama til høgre vil sy Nearly Insane, dama til venstre held på med Dear Jane og dama i midten har sydd begge!
Vi ynskjer Hanne Schneider velkomen til kurs på Sandane i november!
Her viser Hanne fram den imponerande Dear Jane-quilten sin! Mange fekk nok sjå denne på Eid på regionstreffet i fjor. Hanne held kurs i ulike teknikkar ein nyttar i desse blokkene. Utruleg nok var ikkje kurset fullteikna, så neste gong ho kjem (ja, det blir nok oppfølging med sjanse for fleire å prøve seg), vil vi verkeleg anbefale å ta turen til Førde!
Ein treng absolutt ikkje sy ein heil kvilt, det er fint å berre sy mindre ting, som her: ein søt liten duk som har blokker som går att. Blokkene til Jane Stickle er så spesielle at dei er lette å kjenne att, trur ikkje det er så veldig mange tradisjonelle blokker blant dei 161 + kanten...

Vil du lese meir om Dear Jane, kan du klikke her
eller her.
Her er blokker sydd i batikk.
Hanne sydde Nearly Insane på nokre få månader, ho hadde bestilt quilting i USA før ho reiste på Dear Jane-treffet der for 2 år sidan. Trur ikkje ho tok skade av kjøret, sjølv om quilten heiter nesten gal...
Nærbilete av blokka med flest bitar, kanskje...
Skal ein sy desse blokkene, er det ein fordel å vere ven med papirsying!
Salinda Rupp er namnet på dama som står bak dette teppet, som daterer seg tilbake til 1870-åra, altså eit ti-år etter Jane Stickle. Liz Lois har teikna av mønstrene og gitt ut denne boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar