mandag 14. september 2009

Ny quiltesesong i nytt lokale!

No er det lenge sidan siste blogginnlegg. Vi har lagt bak oss ein fin (?) sommar og er komne igong med haustsemesteret. Første onsdagen i september var det premiere på nytt og større lokale på ungdomsskulen sitt gamle bibliotek. Då var Førde Lappeklubb invitert, og i tillegg var Ingunn Vaksdal til stades med kofferten sin. Ho melde tilbake at ho var særs nøgd med salet denne kvelden, og det skulle vel tyde på ein aktiv sy-haust!
I bloggaren sitt fråver var det Sol Ulvestad som stod for fotograferinga, takk skal du ha!

VIS OG FORTEL!

Her har Annfrid laga eit lekkert teppe med pinwheel-blokker.Lekker veske som dotter til Margrete har sydd. Eplet fell ikkje langt frå stammen!

Reidun M. har sydd Anna-Ka si byveske...
...og Liv Ingunn har sydd margarittløparen av same designar.

Festfin frøken er frå Rie og Hilde si bok, sydd av Margrete. Denne blokka skal vi lære oss!

Anna viser fram koseleg stitchery.

...og tøff veske.

Annlaug har sydd ei veske, veit ikkje kven som har designa denne.

Else har sydd nusselege dongerisekkar, truleg til barnebarna.

Var dette Grete sitt teppe? Nydelege fargar.

Det er i alle fall heilt sikkert Grete si veske!
Janne har sydd veske, er det AnnaKa sitt toalettveske-mønster? Eiffeltårnet er i alle fall med!

Nydeleg sak frå Janne si hand.

Liv Ingunn har sydd dette utruleg flotte teppet frå ei av Lise Bergene sine bøker
...og nokre skikkeleg kule fotballbrikker (eller er det puter?)
Tepper som varmer-aksjonen:
Du har sikkert høyrt om Tepper som varmer, eller Care quilts. Gå inn på denne lenkja og les om aksjonen. Liv Ingunn og Margrete har allereie sydd fleire tepper. Dette burde vi gjere fleire! Kva med eit sy-saman-treff ei helg i løpet av sesongen? Då kunne vi ha det kjekt og sosialt, få bruke av stoffoverskotet vårt, og samtidig gjere noko for andre. Håpar mange tenner på denne ideen!
Du kan også lese om eit slikt sy-saman-treff som Hanne Schneider har vore med på, trykk her og her. (Klikk i det siste biletet, så det vert stort).
Liv Ingunn 1
Liv Ingunn 2
Margrete 1
Margrete 2
Margrete 3
Førdianarane med vis og fortel!

Vinhøne er ein absolutt nyttig ting!

Nydeleg løpar og boks

Hexagons, 6-kantar, er veldig populært på bloggane for tida. Nokon som hugsar dama med dei bittesmå sekskantane på Vestlandstreffet på Eid?

Fruktteppe
Tumblarar eller timeglas ser veldig kjekt ut å sy. Flott til bruk av restar.

Denne dama har kanskje vore på kurs med Mona? Fargerike og flotte ting!
Håpar førdianarane likte å vere saman med glopparane denne kvelden!

3 kommentarer:

  1. Kjempeflotte bilder,som gjev oss inspirasjon. Godt frammøte på klubbmøte denne kvelden,så dei fleste er vel i full gang etter handlerunden,denne kvelden.

    Qulithelsing Liv

    SvarSlett
  2. Veldig kjekt at de tok imot oss frå Førde. I alle fall når ein får komme med på bilete:) De ser ut til å vere ein kreativ og fin gjeng.
    Ho Anna var uslåeleg....

    SvarSlett
  3. Hei. Gå gjerne inn på bloggen min, så ser de kor langt eg har kome med dei små sekskantane. Blir liksom aldri ferdig. Prøver å bli Noregs-meister, men ingen veit heilt kor mange sekskantar eg då må sy. Kan de hjelpe?

    SvarSlett