Flyet til Hanne hadde god medvind og kom ti minutt før tida på fredag. Etter shopping på Arkja, der Marie jobbar til vanleg, tok vi turen heim til Marie i Myklebustdalen. Der venta ho med herleg lunch. Desse to damene kjenner kvarandre frå Dear Jane- og Nearly Insane-kurset i Førde tidlegare i haust, då dei begge kamperte hjå Åse Kjærland.
Marie er ei dyktig sydame, og har både utdanning innan faget og lang erfaring. Vi fekk sjå mykje lekkert, her er Bente Tufte-duken hennar. Nydeleg!
Men kven visste om Marie sine dugleikar når det gjeld å lage sine eigne dukker? Ikkje bloggskrivaren, i alle fall. Det viser seg at ho har gått på dukkekurs hjå Turid Eide på Sandane i ein tiårsperiode, and is still going on... Her viser ho fram dukka ho hadde på utstilling i Trondheim ved eit høve, og fekk god respons på (raud sløyfe)! Alle detaljar er med på kledefronten, frå innerst til ytterst!
Denne dukka under arbeid skal ha ekte Nordfjordbunad. Sølvet er allereie på plass. Ansiktet på denne jenta er særleg levande, og minner meg om ei jente eg kjenner.... Undertøyet er klart, og her står ho og held stoffet til "stakkjen"!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar