mandag 19. april 2010

Butikkane på regionstreffet!

Det var mange butikkar representerte på årets treff, trur alle hadde godt sal denne dagen. Synd for dei 2 butikkane som måtte melde avbod!
Northern Quilts ved Wenche Wolff Hatling. Denne butikken designer sine eigne ting, og er vel ein av dei mest kjende nett-butikkane i Noreg. Spesielt er også utvalet av reproduksjonsstoff.
Mona Bauge ved Quiltekroken i Bergen. Mona er godt kjend med glopparane, då ho har halde 2 kurs her for nokre år tilbake.
Desiree's Lappeteknikk er kanskje størst på nett i Noreg? Desiree kjem frå Sande i Sunnfjord. Den fysiske butikken ligg ved E39, gjennomfartsåra til Bergen, og er eit syn i alt sitt utval. Ho tek gjerne imot besøkande etter avtale.
Søm Beem, Bente Mjåset frå Askvoll har prøvd seg på nye ting, ho har designa løparar og vesker.
Florø Husflid hadde gode tilbod, og rapporterte om godt sal!
Trapp Ned er Førde sin lappebutikk, velkjend for det vesle, gule huset ved elvebreidda i Førde.
Primula Design er Eid sin representant, Ingunn Vaksdal er alltid like blid. Vi glopparane er veldig takknemlege for at ho held koken og forsyner oss med stoff og tilbehør når vi treng det!

Patricia Iden er Janome-dame og kurshaldar. Ho har spesialisert seg på maskinstitching. Ho har nære vener i Gloppen, og trivast godt her. Bilete av henne på eit anna innlegg. Ho hadde ikkje butikk, men får bli med i denne kategorien likevel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar