mandag 19. april 2010

Litt av kvart under regionstreffet...

Ingen kunne vel klage på maten på årets treff! Vegetarsupa, sunt og godt, og kakebord, usunt og enda betre...! Denne kaka får stå som ein representant for alt dette, utruleg god, nøttebotn, krem, frisk frukt og friske bær. Heldige var dei som fekk eit stykke av denne!
Liv Ingunn Holvik leia treffet med stø hand. Ho gjekk ut av styret ved siste årsmøte, men har vore primus motor under planlegginga heile tida. Namneskilta til gloppetausene var runde og gode, og vitnar om godt hjartelag!
Denne vennegjengen er berre utruleg. Slik vil eg og ha det når eg blir pensjonist, glad lappedame på treff! Anna Henden og Kirsten Lyslo med Patricia Iden og Marie Brendefur mellom seg, dei to siste var tilreisande. Patricia får ein presentasjon under eit anna innlegg her. Marie frå Ålesund er kjend for sine sjølvfarga stoff, og ho har sommarhus i Honndalen, der ho tek imot vener til farging og sosialt samver. Det stod ein stor artikkel om henne i Quiltemagasinet for nokre år sidan.
Kari Standal har vore med i klubben vår frå starten av. Her les ho opp prologen som Edny Dale Fossheim hadde skrive. Morosam tekst om karar på sykkel og jakt, og damer som kosar seg med kvilten.
Situasjonsbilete ei lita stund før foredraget tok til. Salen her er den gamle kinosalen vår, før vi fekk Trivselshagen.
Muffinsar som blei laga på ein klubbkveld i januar!
Foredragshaldaren og tok seg 5 minuttar frå butikksalet for å få seg ein liten matbit og studere Repro Medallion-quilten som ho har designa i samarbeid med Helene Juul, og som ei i klubben har sydd. Dette teppet var ein del av eit repro-abonnement frå Wolff og Juul. Torill sydde dette flotte forkleet til forige regionstreff som vi arrangerte i Breimshallen i 2004.
Reidun, Sonja og Jorunn ved innsjekkinga. Det var nok kjølig å sitje her, sidan det var nesten kuldegrader ute, men like blide var dei!

Lotterinemnda hadde gjort ein flott innsats, i lag med alle dei andre nemndene (!), dugnadsånda er til å ta og føle på. Det blei kommentert at gevinstane var mange og flotte. Hovudgevinsten i bakgrunnen er sydd eine og åleine av Marie Myklebust!
Marianne og Janne har her avslutta loddsalet, som gjekk strykande.
Hovudgevinsten gjekk også denne gongen til ein lærar ved GU!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar