søndag 11. september 2011

Klubbkvelden i September

Svært godt oppmøte og kjekk klubbkveld på onsdag!
Her diskuterer Solveig og Marie stoff til festremsa som vi skal ha kurs på.
Kurset startar onsdag den 14.00 kl 18.30. Påmelding ved å betale kr 500,- før kurset startar.
Det er stor interesse for kurset!
Her ser vi detaljar på festremsa. Vi får også prøve oss på fleire ting dersom tida strekk til.
Svanhild og Janne skal sy av desse lekre stoffa frå Primula. Dei delte brodeleg slik at det vart nok til begge.
Klubbaktiviteten denne kvelden var papirsaum. Her frå litt av modellen til Margrethe. Mange har vore borti papirsaum før, men lagt det litt vekk. Håpar dette kan inspirere til å ta fram igjen teknikken.
Marie har kjøpt mønster til denne hos Northern Quilts. Som alltid, nydeleg arbeid av Marie.
Og her har ho sydd jordbærduk.
Detaljar frå duken
Eit nesten ferdig vognteppe frå Janne. Dette skal ho handkvilte.
Her har Nyfrid også kosa seg med "Oldemors fotoalbum". Dette mønsteret er berre så fint!
Liv Ingunn har snopa mønster på Lillehammer og sydd veske frå Kari Renolen.
Her har Liv laga modellar for 4H gjengen.
Enkle og stilige modellar som ungdommane kjem til å like godt!
Reidun har fått ei bra veskesamling etterkvart!
Her er ein Bente Malm modell som var grei å sy. Fin vart den også!
Kari har nesten ikkje sydd i sommar. Berre litt handsaum ! Her er både sekskantar, diamantar og ei anna form, (heiter det rombe eller noko slikt?), sydd på strek. Fantastisk fint!
Nei, Kari har nesten ikkje sydd i det heile teke. Berre eit stort teppe, sånn i full fart. Eigen design sjølvsagt. Dei lekre blomane !
Legg merke til borda på kanten. Klubbaktivitet etter jul???
Kari har vore i USA i sommar og handla stoff. Billeg stoff. Ein heil koffert !
Laila har endeleg fått kvilta sin "Butterfly Garden". Skulle hatt masse nærbilete her, dette er eit praktverk.
Og Edny dama tek kaka ! Ho har laga dei utrulegaste teppa av restar! Dette er eit utan vatt inni, slik som passar når ein har "hetebyer" og slikt.
Her eit fantastisk teppe for dei små, her kan dei sjå svært mykje spennande.
Og dette skal Edny forære til gapahuken til Bukta 4H ! Sydd av gamle gardiner og dukar til tantar, skjorter mm. Ho har herved ordre om å ha teppa med seg neste gong også, når bygdekvinnelaget kjem og skal sjå kva vi lagar av restar.
Her er detljar frå teppet
Her har Edny brukt stoff som ho eigentleg ikkje likar så godt. Men i lag vart det det fyrverkeriet av ein duk!
Så roar vi det heile ned med "Dresden Plate" av Anne.
Og Solveig,- veit dokke ka: Alt ho startar på gjer ho ferdig før ho byrjar på noko nytt. Og dette teppet skal ho gje vekk!
Detaljar.
Her er ei brikke frå Marie som vi kan lære å lage på kurset også.
Annlaug har laga denne friske og fikse veska
Og denne,- etter mønster frå Dorothy. Denne seier ho kan også vere ein klubbaktivitet. Ja takk!
Inger har laga "spools" etter inspirasjon frå Elin
Og nokre epleskrottar i typiske Inger fargar.
I neste blogginnlegg skal de få oppskrifter på Drosje Ingeborg bollar, Svanhild sine rundstykke og rullekake frå Solveig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar