fredag 30. september 2011

Neste klubbmøte mm

No nærmar det seg neste klubbmøte. Då får vi besøk av Gloppen Bygdekvinnelag, det ser vi fram til! Tema for kvelden er gjenbruk og bruk av restar. Vi oppfordrar alle til å ha med arbeid tilknytta temaet,- det gjer ingenting om vi har sett det før. Edny: Du har møteplikt ! Elles vert det ingen spesiell klubbaktivitet, men god gamaldags prat over kaffikoppen, og eit lite lotteri.
Så nærmar det seg datoen for påmelding til turen vår til Desiree og Åmot Gard. Påmelding skjer ved å betale kr 400 til 3710.15.69056 innan 6.oktober.
Vi reiser frå Sandane kl 10.00 i privatbilar. Dei som kan køyre melder frå til Inger. Vi skal vere hjå Desiree ca kl 12.00 der vi får ein oppkvikkar med kaffi og kake, og vidare høyrer vi foredrag med Desiree: "Lyst og ulyst i kvardagen". Så kan vi gå amok i butikken hennar,- putte oppi kvar si korg (eller to), gå derifrå og Desiree kjem etter oss til operagarden med faktura og varer. På Operagarden får vi omvisning og mat, og reiser mette og fornøgde heimatt i femtida. Vi gledar oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar