lørdag 5. oktober 2013

Oktobermøtet og Kari si monstermaskin.

Nokre glimt frå oktobermøtet i Gloppen Lappe- og Quilteklubb.

Marit har sydd vakre prosjekt i avstemde fargar.



Dette nydelege biletet er under arbeid.

Margrethe har sydd katedralvindu, etebrikke, krusmatter og toalettveske (crazyteknikk).




Annlaug stitchar til turen.

Anna sin søte pung.

Astrid held på med eit vakkert slumreteppe (med pledd inni).

Inger har sydd mykje over papir i sommar. Dette er Sue Daley sitt mønster.

Kari hadde fleire store prosjekt å vise fram. Dette grannyteppet er berre lekkert, alt sydd for hand.

Sjå kva ho har fått ut av å prøve seg på Le Moyne-linjalen!


Segleturen i Hellas resulterte i eit halvt Nearly Insane-teppe. 
Fantastisk flott. Det står att kant, kvilting og montering.



Neste gong viser Kari oss idear ho har til sying over avispapir.

Janne fortalde om papircollage overført til stoff i printaren.


Torill syr trekk over hermetikkboksar, veldig smart!

Mange syr koffertlappar til Bergens-turen.


Marie viste bruk av nokre linjalar.




...................................................................

Lappetausa på besøk hjå Kari kvelden før lappemøtet!
Her øver ho seg på det nye vedunderet, long-arm-maskina frå USA.


Lappetausa fekk prøve seg, veldig kjekt!

Studioet til Kari er imponerande, oppå garasjen. Her er tumleplass for mange kreative sjeler.
I framgrunnen er dottera sine måleprosjekt.


Kari tek imot dei som har lyst å sjå og prøve.

Underteikna føreslår at klubben sponsar henne med kurs hjå Merethe Ellingsen til våren!


Ha ei fine helg! Elin.

2 kommentarer:

  1. Så mykje flott. DE er så flinke alle saman.

    SvarSlett
  2. Flott innlegg som alltid Elin, litt vel mye fokus på undertegna... men neste gang blir det noen andre!
    Takk for besøket og velkommen igjen :)

    SvarSlett