mandag 21. oktober 2013

Quiltetur til Bergen, 18. -20. oktober 2013.





Ja, her er det altså blitt laurdag morgen og vi er på Besøk hjå Quiltekroken. Butikken til Mona ligg på Strandkaien og er lett å finna.
Sidan sist mange av oss var der, er butikken blitt mykje mindre, så her blei trangt med så mange damer, men alle fekk handla det dei skulle.


Eg har berre knipsa litt bilde, slik at dåke som ikkje var med , også får litt tips til nye ting å lage.
Under hylla heng der fine spisebrikker og ellers sel Mona symaskiner til dei som ynskjer det.



Flott veggteppe med mykje applikasjon.


Her er eit fint hjerte, pynta med blomster og sløyfe.

Og endå eit hjerte. Ei fin lita julegåve, som er enkel å laga.


Grytekluter, applikerte med cupcakes og litt blonde. Kjempefint.


Eit koseleg barneteppe som ein kan lage til sine søte små gullungar.



Dette bildet tok eg av butikkvindauga. Litt forskjellig her. Løparen trur eg skal finnast mønster av i eit My Quilt blad.


Ja, som kanskje dei fleste i klubben veit reiste vi fredag med buss. Bergen viste seg frå si beste side heile helga med supert ver.
Vi sjekka inn på Hotell Norge og der var det ein hyggjeleg resepsjonist som tok imot oss, og fiksa plass til oss på Supperiet på fredag kved, så det blei ein matabit før Kristine Hope show  og plass på Sirkus Escalon på laurdag ,som dette bilde er frå. Der hadde vi ein herleg tapas kveld.

Må berre fortelja at Kristine Hope showet var kjempebra. Nokre lo så dei gret. Ei dame med snakketøyet i orden, for her gjekk det unna, og full konsentrasjon for å få med alt som blei sagt.



Mykje fint er utstilt i butikken .


Grytekluter, du brukar twister linjalen.


Mona hadde litt av kvart å fortelja oss.


Her er damene opptekne med å diskutere og studere kva dei skal kjøpa.

Litt blei vel kjøpt av alle, men mange av oss er veldig innstilt på å støtte den nye lappebutikken, så saker og ting dei har på Sandane, kjøper vi heime. 
Ein flott og koseleg tur, og som vi gjerne kan ha fleire gongar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar