tirsdag 10. november 2009

Kurshelg i november!

Farsdagshelga arrangerte GLQ kurs med Hanne Schneider. Vi hadde gleda oss lenge til denne helga, og var godt budde, sidan vi hadde sydd ferdig stitcheria på førehand, og hadde hatt toalettveska til Hanne på fleire klubbkveldar. Første dagen var altså sett av til toalettveske, eit veldig kjekt prosjekt. Her er nokre av damene opplina i "baren" med ferdige og mindre ferdige produkt. Dei halvferdige veskene er styret sine, det blei litt matlaging og slikt fornoke innimellom slaga. Vi fekk forresten applaus for godt stell, og det er veldig kjekt å ta med seg. Sjå denne blide og nøgde flokken!
To damer i styret, begge opprinnelege strilar frå same bygdo...
Elles får bileta tale for seg!












Den rosa veska til venstre her har decoupage som pynt, kjempestilig!


Søndagen stod i kaleidoskopblokka sitt teikn. Hanne har funne fram til ein genial skjæreteknikk for desse trekantane. Her er kursteppet hennar, sydd i duse japanarar, og kvilta av Merete.


Ho hadde også med seg løpar og pute, kaleidoblokkene var i forskjellige storleikar.
Anna og Hanne kom i god dialog.

Kaleidoskop er ikkje for nybyrjarar akkurat! For det første må ein vere veldig nøyaktige, for det andre er det ikkje så lett for utrena auge å sjå dei ulike verknadene.
Inger var ikkje fornøgd, men Hanne svinga rundt på nokre blokker, og simsalabim...
Mange sydde i julestoff, det skal bli spanande å sjå resultata på vis og fortel på julemøtet i desember!




Dersom vi får oppskrift på snickerskaka og "kaka med gult", kjem dei på innlegg seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar